Barnehagevedtekter

4 Opptakskriterium hovudopptak - prioriteringsrekkefølge

4.1 Barn med særskilte behov for barnehageplass (§ 13)
Det krev skriftleg anbefaling frå sakkyndig instans, som stadfester større behov for barnehageplass enn for ordinære søkarar. Sakkyndig instans er helsesøster, lege, psykolog, PPT, avdeling for sosiale tjenester og avdeling for barnevern.

4.1.1. Barn som har nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester §§ 4- 12 og 4 – 4 annet og fjerde ledd.

4.1.2. Barn med særleg behov for barnehageplass. Etter vurdering kan det gjelde barn i familiar med spesielt store belastningar.

4.3 Søsken, om dei oppfyller barnehageretten, får prioritet i same barnehage. Prioriteringa gjeld ikkje det året søsken byrjar på skulen.

4.4 Barn av flyktningar og barn fra språklige og kulturelle minoritetar. Søkarar som har rettigheter etter introduksjonslovgivinga og er ein del av introduksjonsordninga i Hå kommune.

4.5 Hå mottak
Barn i mottaket må søke på vanleg måte, og vil konkurrere om plassane etter kommunens kriterium for opptak.

4.6 Søknadar med barnehagerett vert prioritert etter fødselsdato på barnet, dei eldste fyrst.