Barnehagevedtekter

3 Opptak

3.1 Hå sin opptakskrins er barn som bur i Hå kommune, og har lovfesta rett til barnehageplass. Barn med lovfesta rett er barn mellom 1-5 år. Barnet må fylla 1 år seinast 30. november det året dei søker om barnehageplass (jf. barnehagelova §12a).

3.2. For å ha rett til plass må barnet vere busatt i Hå kommune ved oppstart i barnehage.

3.3 Det er eitt hovudopptak i året som gjeld søkarar med barnehagerett. Søknadsfristen er 1.mars kvart år. I hovudopptaket blir plassane tildelt frå 15.august. Barn som fyller 1 år i perioden 01.september – 30.november kan få utsett oppstart. Ein betalar for den månaden barnet fyller 1 år.

3.4 Barnehageretten blir innfridd ved tilbod om plass i ein barnehage i Hå kommune. Dette gjeld og dersom det er søkt om plass i ein annan barnehage enn tildelt. Søkarar har rett til å stå på venteliste for plass i sin høgast prioriterte barnehage.

3.5 Det blir gitt tilbod om plass 5, 4 eller 3 dager per veke. Søknad om 3- og 4 dagarsplass behandlast på lik linje som søknad om heil plass, og blir tildelt dersom det er mogleg innanfor barnehagen sine rammer. Det er mogleg å ta imot heil plass og stå på venteliste for redusert plass.

3.6 Overflytting til ny barnehage behandlast på lik line som ny barnehageplass. Søknadsfrist for endring av tilbod til nytt barnehageår er 1.mars.

3.7 Supplerande opptak skjer ved ledig kapasitet etter hovudopptaket er avslutta og ved ledige plasser gjennom året. Opptaket gjeld søkarar utan barnehagerett, søkarar som har søkt etter fristen og søkarar som ønsker oppstart etter 01.01

3.8. Tildeling av plass gjeld fram til skulepliktig alder eller til barnet flytter ut av kommunen.

3.9. Rekkefølga i opptak av barn skjer etter kriterium for opptak i Hå kommune – Jfr. §§ 4 og 5 i vedtektene.

3.10 Open barnehage har ikkje opptak. Barnet møter opp saman med føresette eller ein annan vaksen person, registrerer oppmøte og kan vera i barnehagen heile opningstida.