Barnehagevedtekter

7 Betaling

7.1 Betaling for barnehageplass skjer etter «Forskrift om foreldrebetaling i barnehage» og blir vedteke av kommunestyret i Hå. Betaling for kost kjem i tillegg.

7.2 Årsbetalinga blir fordelt på 11 månadar. Juli er betalingsfri. Dersom avgifta ikkje blir betalt og det manglar betaling utover 2 månadar kan det føra til oppseiing av plassen.

7.3 Husstandar med låg inntekt kan ut frå nasjonale reglar søka om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

7.4 I open barnehage betalar brukarane inngangspengar ved kvart oppmøte.