Endra eller sei opp barnehageplass
For å endra eller seia opp barnehageplassen, brukar du same portalen som då du søkte.
Endra eller sei opp barnehageplass
- Du må seia opp plassen når du ikkje vil ha barnehageplass lenger.
- Du må seia opp plassen viss du flyttar ut av kommunen og barnet går i ein kommunal barnehage.
(Du kan behalda plassen ut semesteret). - Du treng ikkje sei opp plassen når barnet begynner på skulen.
Oppseiingstid
I kommunale barnehagar er oppseiingstida ein månad frå første dagen i månaden etter at du har sagt opp. Til dømes, seier du opp 10. oktober, har du plass ut november.
- Du må betala for plassen til oppseiingstida er slutt.
- Seier du opp etter 31. mars, må du betala ut barnehageåret til 15. august.
- Har du takka ja til ein ny plass, men ikkje vil bruka han, må du seia opp innan 1. juni. Elles må du betala for august.
- Kommunen kan seia opp plassen ved manglande betaling.
Private barnehagar har eigne reglar for oppseiing.