Eilen Refvik er skulen sin utdanning- og yrkesrådgjevar. Ho skal vera til hjelp for både elevar og foreldre i høve til vidaregåande utdanning. Ho gjennomfører to karrieresamtalar med kvar elev, ein på 9. trinn og ein på 10. trinn. Dersom nokon har behov for fleire samtalar, meir rådgjeving, er det berre å avtale tid.
Det er mange ulike tilbod til dei som går på 10. trinn. Mange vidaregåande skular inviterer til "ope hus" i januar der dei presenterer sine tilbod. Då er både elevar og føresette velkomne.
På 9. og 10. trinn får elevane tilbod om utdanningsval. Då får elevane delta to dagar på vidaregåande skule - anten på Bryne, Sandnes, Vågen, Øksnevad eller Gand. I utgangspunktet kan ein velje mellom alle studieretningane desse skulane tilbyr. 10. trinn i veke 44 og 9. trinn i veke 4.