Skip Navigation LinksHå kommune

Hå folkebibliotek

Fotograf: AnneCath. Grimstad
Hå folkebibliotek Nærbø fotograf AnneCath. Grimstad

Biblioteket vert drive etter Biblioteklova frå 1985. Det er eit mål at alle skal ha lett og lik tilgang til kunnskap, informasjon og kulturell oppleving. Det er m.a. difor det er gratis å bruke biblioteka.

Biblioteket låner ut bøker, lydbøker, tidsskrift, musikk, videofilmar og anna materiale. Aviser og ein del oppslagsverk kan bare nyttast på biblioteket. I tillegg driv biblioteket informasjonsformidling ved hjelp av oppslagsverk, databasar o.a.
Biblioteket prøver å få tak i materiale som biblioteket ikkje eig sjølv, men som lånarane har behov for.

I katalogen er alle bøker, videoar, lydbøker , språkkurs, cd-plater og liknande registrert. Andre bibliotek kan tinga materialet på fjernlån, men kun det som tilhøyrer folkebiblioteket sine eigne avdelingar. Skulane i Hå, Hå helsesenter og Hå gamle prestegard sitt materiale er og registrert i basen. Dette inngår ikkje i fjernlånstilbodet. Det same gjeld videoar og fellessamlingane, som er plassert på hovudbiblioteket, men som tilhøyrer skulane.

Somme bøker kan det verta lang ventetid for på biblioteket. Me vil at våre lånarar skal vente kortast mogleg tid før dei får lesa den boka dei ønskjer.
For at flest mogleg skal få glede av nye bøker raskast mogleg vil me prøve med 14 dagars lånetid for dei mest populære bøkene. Desse vil vera merka på framsida, slik at det ikkje vil vera tvil om den boka du låner har ein lånetid på 14 eller 28 dagar.
Hugs at du kan reservera bøker sjølv heime frå din PC.

 
Ansvarlig redaktør: Rådmannen i Hå      Postmottak: post@ha.kommune.no
padlock