Vinterferie for bubilparkering i Sirevåg

Illustrasjonsbilde bubilparkering Sirevåg - Klikk for stort bileteVelkomen tilbake i april!

Då har me pakka vekk parkeringsskilt, straumskap og bosscontainer for vinteren. Tidenes første bubilparkeringssesong i Sirevåg har vore ein suksess, med rundt 250 overnattingsdøgn og mange gode tilbakemeldingar.

Sanitæranlegget på kaien er tilgjengeleg heile året for både båtfolk og bilfolk, så er bubilturistane hjarteleg velkomne tilbake både dag og natt frå 1. april 2022!