Bilete

foreløpig toppbilde - Klikk for stort bilete

Vil du vera med og forma Varhaug sentrum?

Hå kommune har starta arbeidet med kommunedelplan for Varhaug sentrum. Me vil gjerne ha deg med på laget. Korleis skal sentrum sjå ut i framtida? No har du sjansen til å vera med og seia meininga di. Bli med i eit gjestebod og gi innspel om nærmiljøet ditt. Kom innom og ta ein prat under Varhaugmarken!Planavgrensning ortofoto - Klikk for stort biletePlanavgrensning ortofoto

Kva er nytt?
I desse dagar blir barn i barnehagar og skular utfordra til å gje innspel til korleis de ynskjer at sentrum skal vera i framtida. Innspela skal stillast ut på Varhaugmarken 1. og 2. juni. Hå kommune vil vera tilstades på Varhaugmarken. Her vil me informera om planarbeidet og det vil være mogleg å melda seg som gjestebod. Det blir og høve til å stilla spørsmål. Det er eit mål at planarbeidet skal vere ope og tilgjengeleg med brei medverknad frå innbyggarane.

Medverknad ved bruk av gjestebodsmodellen
Kommunen vil invitera til første gjestebod i september. Det blir etter planen to gjestebod, og me arbeider no med tema og innhald for det første, ut frå erfaringar frå Nærbø. Gjestebodsmodellen går ut på at personar meldar seg for å vere gjestebodsvert, som så får i oppgåve å samla venar og kjende dei vil ha med for å diskutera ulike tema som angår Varhaug sentrum. Etter ei rimeleg tid, vil me samla gjestebodvertane og andre til ein verkstadkveld der me diskuterer innspela vidare. Målet er å einast om eit samla arbeidsnotat som blir lagt til grunn i vidare utvikling av planen.  

Vil du vera gjestebodvert? Det er høve til å melda seg som interessert allereie no, ved å senda e-post til rasm@ha.kommune.no . Skriv gjerne nokre ord om kven de er, så skriv me dykk opp og tek kontakt når tid og program er avklart.

Målet med planarbeidet
Kommunedelplan for Varhaug sentrum skal fastleggja dei overordna måla og rammene for utviklinga av Varhaug sentrum i åra framover. 
Eit planprogram er ein skildring av planprosessen og kva som skal arbeidast med. Det legg grunnlaget for kva og korleis me i kommunen skal utarbeide planen, og korleis de som innbyggjarar kan medverke. Planprogrammet gjer og reie for dei overordna rammene og utfordringane som ligg til grunn for planen.

Før planprogrammet vart fastsatt av kommunestyret 14. desember i fjor, var det ute på offentleg høyring frå 5. september til 10. oktober. Ut frå innspel frå høyringa, og nye vurderingar, foreslo Rådmannen nokre mindre endringar i planprogram og ei utviding av planområdet aust for jernbanelinja, som deretter blei vedteke av kommunestyret. Utvidinga sikrar handlingsrom på austsida av jernbanelinja i høve til kryssing av jernbanen for gåande og syklande, kommunale tenester og utvikling av sentrumsnært transformasjonsområde.


Har du innspel?
Du kan bruke skjemaet til høgre, eller senda innspel merka med Varhaug sentrum, til postadresse:
Hå kommune
Tekniske saker og næring
PB 24
4368 Varhaug

På e-post: teknisk@ha.kommune.no


Har du spørsmål til planarbeidet?
Ved spørsmål eller kommentarar til planarbeidet, ta kontakt med saksbehandlar i Hå kommune, Rolf Aleksander Svensen Mellgren:
E-post: rasm@ha.kommune.no Tlf: 51 79 31 35

 

Planavgrensning, reint kart - Klikk for stort biletePlanavgrensning, reint kart

Kontakt

Rolf Aleksander Svensen Mellgren
Arealplanlegger
Telefon: 51 79 31 35
Fann du det du leita etter?