Vil du læra meir om Våronna?

Kom på arrangementet “Kvifor bry seg om Våronna” i kaféen på Hå gamle prestegard torsdag 13. mars kl. 12.00.

Hå gamle prestegard og samarbeidspartnarar inviterer til eit nytt "Kvifor bry seg om"-arrangement i kaféen torsdag 13. mars kl. 12.00.

Hå gamle prestegard omkransa av gardar. Her finst potetåkrar, dyr på beite og bønder i arbeid, og spesielt om våren er landbruksaktiviteten høg. Er det noko særskild ein bør hugse på, når ein besøker Jæren i våronna? Eller er det noko særskild ein kan oppleva kanskje?

Med oss på dette tidsaktuelle arrangementet er Inger Hårr, leiar av Jorddøgn litterauturfestival, Bothild Nordsletten, redaktør i Bondevennen, og bonden Gudmund Edland. Edland er forfattar av boka "Ville sørvesten" utgitt på Bondevennen (2024), ei bok som skildrar historier frå livet frå gardar frå det ganske land.

På dette arrangementet skal me konsentrera oss om våronna og om planlegginga og arbeidet med denne sesongen i norsk landbruk. Og ikkje minst sjå nærare på kva som kan gå gale, som kan vera både på godt og vondt. Bondevennen. Det vil bli servering av kaffi/te og heimelaga lefser.

Pris: 100 kr

Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no merk epost med "Våronna 13. mars 2025»