Viktig informasjon til alle som skal gjennomføra arrangement med inntil 50 personar

Klikk for stort bilete7. mai vart det tillatt med arrangement på offentleg stad for opp til 50 personar, der det kan haldast minst ein meter avstand til personar som ikkje er i same husstand.

For alle arrangement, må gjennomføring planleggast for å sikra god smittevernhandtering. Dersom du planlegg eit arrangement med inntil 50 personar, er det opp til deg som ansvarleg arrangør å avgjera korleis krava til gjennomføring skal overhaldast.

Det er også opp til deg å avgjera om det er forsvarleg å avvikla arrangementet. Derfor er det viktig at du set deg inn i gjeldande råd for smittevern:

Oppdaterte smittevernråd frå Folkehelseinstituttet

Dette må du som leigetakar/arrangør gjera:

  • Tenk spesielt på korleis du skal avgrensa oppmøtet til 50 personar, og korleis du kan handtera ein situasjon der det kjem fleire enn planlagt.
  • Ha oversikt over kven som er til stades, for å kunna bistå ved eventuell seinare smitteoppsporing, og korleis dei kan kontaktast om det skulle verta nødvendig.
  • Sikra at førebyggande hygienetiltak er på plass ved å legga til rette for god håndhygiene, handvask eller desinfeksjonssprit.
  • Sikra at deltakarane følgjer råda om fysisk avstand til kvarandre (minst ein meter i alle situasjonar).

Det er spesielt viktig å sikra at personar med symptom på luftvegsinfeksjon ikkje deltar. Om det likevel skulle møta opp nokon med slike symptom, må ein ha eit system for å senda desse heim igjen.