Me ønsker å halda fram med tradisjonen å invitera til fordjuping og drøfting med utgangspunkt i presentasjon av folkehelseprofilane og oppvekstprofilane. Desse profilane bygger på alle ulike typar teljingar som blir gjort og gjer eit godt grunnlag for å sjå kva me skil oss ut på og kva som er viktig å fokusera på.
Hent folkehelseprofil eller oppvekstprofil på nettsidene til FHI.
- Tid: 8. april 2025 klokka 11:30 -15:00. Me startar med lunsj.
- Stad: Bestaståvå i Loen
Visste du at kommunen sine helsetenester har ansvar for berre ti prosent av folkehelsearbeidet? Det er i barnehagar, skular og gjennom arealplanlegging og offentleg forvaltning me har størst innflytelse på innbyggarane sine moglegheiter til å ta vare på eiga helse og leva gode liv.
Det me særleg vil fokusera på i år, er utviklinga i vekt og fysisk aktivitet, spesielt hjå unge i Hå. Forutsetningane for å ta gode val er ulikt fordelt og heng tett saman med sosial ulikskap og andre ting som påverkar helsa.
Korleis kan me i lag jobba fram betre helseføresetnader for dei som skal jobba når me vert gamle? Kanskje kan me spara pengar på det allereie no òg?
I 2025 har me fått med oss desse to som vil hjelpa oss i å få betre innsikt i tala:
- Rune Slettebak, spesialrådgjevar i fylkeskommunen, mellom anna jobbar med utvida kommuneprofilar. Utruleg flink til å gjera statistikk forståeleg.
- Geir Sverre Braut, spesialist i samfunnsmedisin, seniorrådgjevar i Helse Stavanger og professor ved Høgskulen på Vestlandet. Me har invitert han fordi han var leiar av ekspertutvalget for dei nye kostråda. Han vil leia oss i ein workshop for gode tverrfaglege tiltak.
Påmeldingsfrist: 18. mars 2025
Vel møtt!