Viktig melding

Lukk meldinga

Velkommen i fellesskapet

Alle barn og vaksne i Hå skal bli ein del av fellesskapet. Alle barn og unge i Hå skal kunna delta i minst ein organisert fritidsaktivitet, uavhengig av foreldra si inntekt. 

Alle med i Hå

Treng barnet ditt hjelp til å koma i gang med ein fritidsaktivitet
  • Valg av aktivitet: Sirwan hjelper til med å finna ein aktivitet som barnet likar.Her er ei oversikt over alle fritidsaktivitetar i Hå.
  • Det første møtet: Sirwan følger barnet til aktiviteten den første gongen. Då er minst ein av foreldra med. Dei får då helsa på trenaren/aktivitetsleiaren.
  • Økonomi: Medan barnet held på med aktiviteteten, snakkar Sirwan med foreldra om økonomi og betaling. NAV har støtteordningar for foreldre som mottek sosialhjelp. Dei største idrettslaga har etablert fond der foreldra kan søka om støtte til å dekka medlemsavgift, treningsavgift og andre utgifter knytta til aktiviteten. Søknaden vert behandla av dagleg leiar i idrettslaget, og vert meir sett på som ein formalitet enn ein formell søknad. Kulturskulen har også sett av midlar slik at barn/unge frå låginnteksfamiliar kan få delta i kulurskuletilboda.
  • Utstyr: Det er mange som manglar utstyr til fritidsaktivitetar, men takka vera fond, NAV, innsamlingar og utstyrspool, kan me hjelpa til med å ordna dette. 
  • Oppfølging: Når det har gått ei stund, tek Sirwan kontakt igjen, og sjekkar om barnet trivst, har det utstyret det treng og om det er noko anna han kan hjelpa med. 
Treng du klede eller utstyr?

Me har klede, leiker og utstyr me deler ut til dei som treng det. Ta kontakt, så hjelper me deg.

 

Treng du hjelp til å treffa andre småbarnsforeldre?
Kvifor er det viktig å vera ein del av fellesskapet?

Gjennom deltaking i fritidsaktivitetar er det lettare å bli inkluderte i lokalmiljøet og å læra det norske språket. Sjansen for at å lukkast i skule- og arbeidslivet på sikt, er også større. Dette er viktig i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Fritidsaktivitetar er også med på å førebygga utanforskap og radikalisering. 

Informasjonsvideoar

 

 

Ta kontakt 

Bilde av Sirwan Saduun. Foto - Klikk for stort bilete

Sirwan Saduun

Sirwan er prosjektleiar for «Alle med i Hå». Prosjektet rettar seg mot alle barn og unge. Sirwan har god utdanning innan idrett og interkulturelt arbeid. Han snakkar seks språk og har eit brennande engasjement for å hjelpa andre.

Bilde av Renate Erga Cederstrøm. Foto - Klikk for stort bilete

Renate Erga Cederstrøm

Renate Erga Cederstrøm er prosjektleiar for «Alle med i Hå, tidleg innsats». Ho hjelper små barn og familiar til å bli ein del av samfunnet.