Totalforbod mot å gjera opp eld utandørs

34035698_10156109732665973_2171099731835486208_n - Klikk for stort bilete

 

Det er innført totalforbod mot å gjera opp eld utandørs i Hå kommune. Forbodet gjeld frå og med i dag, onsdag 18. juli.

  • Det er ikkje lov å grilla eller tenna opp bål i nærleiken av skog og mark. Dette gjeld utmark og innmark
  • Det er ikkje lov å tenna opp små kaffebål, eingongsgrillar, kulegrillar, bålpanner, gassgrillar, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff utandørs.
  • Det er ikkje lov å tenna bål og grilla i strandsonen.
  • Det er ikkje lov å tenna opp bål eller grilla på dei vanlegvis godkjende og tilrettelagde bål- og grillplassane.
  • Det er ikkje lov å brenna hageavfall, heller ikkje på eiga tomt. Dette kan du levera inn på avfallsmottak.
  • Du har lov å grilla i eigen hage, men du må vera forsiktig.

 

Me vil informera om når totalforbodet blir oppheva.

 

Fann du det du leita etter?