Tenk tryggleik og smittevern på isen

Klikk for stort bileteHå kommune måler ikkje isen på vatna. Det er dermed kvar enkelt sitt ansvar å sikra både tryggleiken på isen og smittevernet når det er mykje folk samla.

I Hå er me heldige og har mange grunne tjern som med ein kuldeperiode fort blir gode og trygge skøytebanar. Kommunen måler ikkje isen, og ansvaret ligg dermed på den enkelte. Isen må vera 13 cm for at det skal vera trygt.

Parkera med omhu

Med dei koronarestriksjonane me har, dukkar det opp andre problemstillingar når mange folk samlast på ein stad. Me ber dykk difor om å halda avstand til andre, og å parkera med omhu.

- Ungar har behov for aktivitet og sosial kontakt sjølv om det er restriksjonar. Fint ver gjer at det er mange moglegheiter ute. Når ein oppsøkjer populære stader ute har ein sjølv ansvar for å sikra at det er smittevernmessig forsvarleg, seier Gerd Signy S. Omland, kommuneoverlege i Hå.

 

Leik på tvers av kohortar?

Dei overordna smittevernreglane er gitt for å avgrensa talet på personar ein kjem i kontakt med i løpet av veka. Dersom ein vert sjuk vert potensialet for vidare spreiing avgrensa. Dette gjeld både ute og inne, men smittefaren er mindre ute. Likevel må ein ha avstand og tenkja over hygiene utandørs også.

-Kan ungar leika saman på tvers av kohortar?

- Me ynskjer å skåna ungane mest mogleg. På same tida vil ukritisk leik på tvers av kohortar kunna gjera at for eksempel fleire trinn enn naudsynt på ein skule må i karantene.

- Ungar i same kohort på skule/barnehage vil vera nærkontaktar til kvarandre uansett. Det er difor fornuftig at ungar leiker med desse. Nokre barn kan vera uheldige å vera i ein annan kohort enn bestevennen sin. Her må vaksne vera kloke i lag med borna. Skal ein ha vener utanom kohorten bør det avgrensast til 1-2, og ein bør fortrinnsvis vera i lag ute. Har ungar besøk inne må dei vaksne tenkja seg om og ikkje verta nærkontaktar til dei som er på besøk, seier Gerd Signy S. Omland, kommuneoverlege i Hå.

 

Kva om ein oppsøkjer is og andre område der mange samlast?

Her gjeld igjen det same. Den enkelte familie har ansvar for å sikra at ein ikkje kjem tett på andre personar. Spesielt i settingar som er uoversiktlege.

Gerd Signy S. Omland bruker seg sjølv som eksempel:

- Onsdag ettermiddag reiste eg og ungane mine ilag med ein annan nabofamilie på skøyter i kvar vår bil. Me har familiær tilknyting til Hå, og vart såleis freista til å prøva isen. Tre sett med ungar går ilag på kvart sitt trinn og kan såleis vera ilag trinnvis. Me vaksne greier å sitja med avstand. Me køyrde fyrst ned til Grødalandsstemmen. Her såg me allereie på parkeringsplassen at det ville vera utfordrande, og valde å køyra vidare til Ogna. Her er isen stor og det var heilt uproblematisk å finna både plass langs kanten og på isen der me ikkje kom borti andre. Hadde det her og vore fullt ville det vore vårt ansvar å snu nasen heimover, avsluttar Omland.