Tall Ships Races-fest i Sirevåg i 2019

Klikk for stort bilete

Vi inviterer til en ny festdag i Sirevåg 18. juli!

Hald av 18. juli, her blir det skutefest i Sirevåg i kjent stil!

Stikkord er liv og røre, lokale utstillarar og lokal mat, sjørøvarkai og aktivitetar for heile familien.

Så langt har alle dei tre store norske (Sørlandet, Christian Radich og Statsraad Lehmkuhl), i tillegg til "sjørøverskuta" Shtandart sagt at dei vil returnere til Sirevåg, og me arbeider med å få inn enda fleire skuter til ein "pitstop" på ruta mellom Fredrikstad og Bergen i årets Tall Ships Races.

Fakta om Tall ships Races 2019

Klikk for stort bilete I år er det Fredrikstad og Bergen som samarbeider om det såkalla "Cruise-in-company"-strekket.  På dette strekket er det ikkje regatta, og enkelte skuter besøker gjestehamner på spesialarrangement på veg til Bergen. Sirevåg er ei slik hamn, og her blir det liv! Ekstra kjekt er det at alle dei tre store norske skutene samler seg i Sirevåg for å delta på folkefesten. 

Hå kommune og lokalt næringsliv skal saman sende 10 ungdommar frå Hå på segltrening med Sørlandet på strekket Fredrikstad-Sirevåg-Bergen i tidsrommet 13.-21. juli. (Les meir om å bli medseglar her!)
Ungdommane sjølve betalar kr 3500 i eigenandel, og resten blir betalt av Hå kommune og ein sponsor. Då er reise til Fredrikstad, retur frå Bergen og alle måltid inkludert.

Dei 4 offisielle hovudhamnene er:

  • Aalborg (Danmark): onsdag 3. - laurdag 6. juli (regatta til neste hamn)
  • Fredrikstad (Norge): torsdag 11. - søndag 14. juli (Cruise in Company til neste hamn)
  • Bergen (Norge) søndag 21. - torsdag 24. juli (regatta til neste hamn)
  • Aarhus (Danmark): torsdag 1. - søndag 4. august

Kva er Tall Ships Races?

The Tall Ships' Races er ein internasjonal seglregatta for store seglskip. Målet er å stimulere til internasjonalt vennskap og seglopplæring for ungdom. Regattaen blir arrangert årlig mellom ulike byar i Europa og inneheld to konkurranseetappar og ein vennskapsetappe – Cruise in Company. For at eit skute skal kunne delta må minst halvparten av mannskapet vere mellom 15 og 25 år. Arrangementet blir administrert av Sail Training International (STI) som har hovudkontor i Portsmouth, England. STI er registrert som ein ideell organisasjon med medlemmar over hele verda.

Eit av hovudmåla til STI er å utvikle og utdanne ungdom mellom 15-25 år gjennom segltrening, uavhengig av nasjonalitet, kultur, religion, kjønn eller sosial bakgrunn.

Fann du det du leita etter?