Tall Ships Races 2018

Bli medseglar!
Turen går frå Esbjerg til Stavanger, set av datoane 20.-26. juli 2018!TSR_ KarstenSkrettingland - Klikk for stort bilete

Bli medseglar

Ungdom frå Hå mellom 15-26 kan søka om å få segle med sjølvaste Statsraad Lehmkuhl frå Esbjerg i Danmark til Stavanger. Prisen er 3000 kroner, og kostnaden er fordelt mellom deg, Hå kommune og Hå kommune sine samarbeidspartnarar. (Er du over 26 år kan du og få vera med, men må då betale full pris.)

Har du spørsmål, ta kontakt med Anne Marie Gjølme, tlf. 900 75 746

Søknadsskjema:

 

Felt merka med * må fyllast ut

 

Statsraad Lehmkuhl - Klikk for stort bilete tallshipstock

 

Tall ships Races 2018

Stavanger er i år ei av dei offisielle hamnene i Tall Ships Races 2018, og samarbeidar med Esbjerg om det såkalla "Cruise-in-company"-strekket ("sjarmøretappa").  På dette strekket er det ikkje regatta, og enkelte skuter besøker gjestehamner på spesialarrangement på veg til Stavanger. Sirevåg er ei slik hamn, og her blir det folkefest! Set av 24. juli, så kjem fyldig program etter kvart. Stikkord er:

  • Hamna full av staselege skuter og kjekke folk (m.a. DEG)
  • Musikk og kultur
  • Mat og drikke
  • Dekksselskap

Dei 4 offisielle hamnene er:

  • Sunderland (England): oSunderland-Esbjerg-Stavanger-HarlingenMap0315-768x467 - Klikk for stort bilete nsdag 11. – laurdag 14. juli (regatta til neste hamn)
  • Esbjerg (Danmark): onsdag 18. – laurdag 21. juli (Cruise in Company til neste hamn)
  • Stavanger: torsdag 26. – søndag 29. juli (regatta til neste hamn)
  • Harlingen (Nederland): fredag 3. – måndag 6. august
Fann du det du leita etter?