Søk om koronamidlar til næringslivet

Illustrasjon korona økonomi - Klikk for stort bileteEr bedrifta di sterkt ramma av smitteverntiltaka? Då kan du søka kommunen om støtte.

Hå kommune har på fått tildelt i overkant av 1 million kroner i ekstraordinære statlege koronamidlar for støtte til næringslivet. Me oppfordrar alle relevante verksemder til å søka.

Søknadsfristen er 7. februar 2022

Kven kan søka?

  • Verksemder i Hå kommune som er, eller har vore, hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak frå november 2021 til og med januar 2022 kan søka.
  • Restaurantar, serverings- og skjenkestader og verksemder som er direkte ramma gjennom skjenkeforbod som trådte i kraft onsdag 15.12 eller anna pålegg om stenging vert prioritert. 
  • Andre verksemder som kan dokumentera store kostnader/omsetningsfall som er indirekte ramma som f.eks. overnatting, event/arrangement, selskapslokale, kulturliv og liknande, som av ulike grunnar fell utanfor andre kompensasjonsordningar vil også bli vurderte.

Kor mykje kan du få?

  • Søknadane vert vurderte og tildeling skjer etter ulike kriterium basert på størrelsen (årsverk) til verksemda, dokumenterte utgifter eller inntektsbortfall knytt til restriksjonar, mangel av kompensasjon gjennom andre ordningar og moglege ringverknader.
  • Den totale summen er 1.035.000 kroner og den skal fordelast på fleire aktørar.

Korleis søker eg?

  • Send søknaden snarast og innen 7. februar på søknadsskjemaet under:

Søknadsskjema – koronamidler til næringslivet

Før du søker bør du ha klar denne dokumentasjonen: 

  • Terminregnskap for september/oktober 2021 (termin 5). 
  • Budsjett for november 2021, desember 2021, og januar 2022 til og med 14. januar
  • Dokumentasjon på avbestillingar o.l. relatert til smitteverntiltak og økonomisk konsekvens for november 2021, desember 2021 og januar 2022 til og med 14. januar.
  • Eit oversiktlig oppsett over anslått tap i perioden, og kor mykje som er mottatt/ventast kompensert via andre støtteordningar for perioden. 
  • Verksemder etablert etter 1. november 2021, må legga ved annan dokumentasjon på sal og lønnskostnader.

Når får du svar?

Endeleg vedtak om tildeling vert fatta av formannskapet 15. mars 2022, og utbetaling vil starta så raskt som mogleg etter dette.

Generelt:

Den økonomiske støtta vert rekna som offentleg støtte og fell inn under regelverket for bagatellmessig støtte. For å kunne få midlar frå kommunen, kan ikkje verksemda ha mottatt meir enn 200.000 euro i støtte frå det offentlege dei seinaste tre regnskapsåra. Det er verksemda sitt ansvar å følga opp totalbeløpet og halde seg innanfor ramma. Meir informasjon om regelverk for bagatellmessig støtte finn du her.

Midlar mottatt gjennom den generelle kompensasjonsordninga for korona, er ikkje å rekna som bagatellmessig støtte.

Kontaktinformasjon:

Har du spørsmål, kontakt næringssjef Mons Skrettingland tlf 915 64 440, eller e-post: mosk@ha.kommune.no.