Smitteutbrot blant russ

Alle som har delteke  i russefeiring må testa seg.Russelue i gress - Klikk for stort bilete 

12 personar i Hå er i karantene etter smitteutbrot blant russ.
 

 

To testar

Alle som har delteke i russefeiring må ta test to gonger, med fem dagars mellomrom, og halda seg i heimekarantene til det foreligger negativt svar på fyrste test.

Blir du rekna som nærkontakt til ein som er smitta, må du vera i karantene i 10 dagar uavhengig av om første test er negativ.

Husstandsmedlem utan symptom treng ikkje testa seg. Det er viktig at alle som får symptom, testar seg.