Siste nytt om oppgradering i Nærbø sentrum

Dronefoto 21. juni 2022. - Klikk for stort bileteDronefoto 21. juni 2022.

Her er oppdatert status på saneringa av området Torggata/Store Ring på Nærbø, som starta i august 2021.

Me har lagt nye røyr frå Skjerpebekken og inn i Torggata. Trafikk kan passera i området sjølv om me jobbar.

Oppgradering av overvassnettet i Torggata er òg eit av tiltaka som er planlagde for å flaumsikra Nærbø.

Torggata er planlagd som ei sentrumsgate, der det skal vera meir fokus på trivsel og mjuke trafikantar. Prosjektet er planlagt til å vara til våren 2023, men me jobbar med å få denne tidsperioden ned. Det vil verta fleire trafikkomleggingar i tida framover, så skal me oppdatera fortløpande på denne sida om dei største endringane.

Arbeidsplan sommaren 2022:

  • Veke 27: Asfaltering mellom Torget og Dalvegen.
  • Veke 28/29: Fase 6 (sjå kart under for meir informasjon). Det vil vera mogleg å køyra langs Torgsenteret igjen.
  • Veke 29/30/31: Ferie på anlegget.

Når Torggata er ferdig i august/september, må me gjera ferdig krysset der Torggata møter Dalvegen og Store Ring. Dette er arbeid som ikkje kunne bli gjort tidlegare, på grunn av trafikkflyten inn og ut av Nærbø. Målet er at dette tar cirka to veker.

Om alt går etter planen, er me ferdige i september – med unntak av planting av tre og buskar, som kjem våren 2023.

Kart over fase 6. - Klikk for stort bileteKart over fase 6. 

Dronefoto 21. juni 2022. - Klikk for stort bileteDronefoto 21. juni 2022. 

Dronefoto 21. juni 2022. - Klikk for stort bileteDronefoto 21. juni 2022. 

Dronefoto 23. februar 2022. - Klikk for stort bileteDronefoto 23. februar 2022.

Dronefoto 23. februar 2022. - Klikk for stort bileteDronefoto 23. februar 2022.

Oppdatert bilde frå Store Ring. - Klikk for stort bilete

Dronefoto 29. november 2021. - Klikk for stort bileteDronefoto 29. november 2021.

Dronefoto 12. oktober 2021. - Klikk for stort bileteDronefoto 12. oktober 2021.

Dronefoto 5. oktober 2021. - Klikk for stort bileteDronefoto 5. oktober 2021.