Retningslinjer for besøk ved sjukeheim og omsorgsbustad

Klikk for stort bilete

Skal du besøka bebuarar ved sjukeheim eller omsorgsbustad må du ta kontakt med avdelinga på førehand.

Hå kommune følgjer Helsedirektoratet si anbefaling for å beskytta ei sårbar gruppe, og held fram med restriksjonar for besøk ved sjukeheim og omsorgsbustad.
Viss smittesituasjonen endrar seg, kan det på nytt verta aktuelt å innskrenka moglegheitene til besøk.

Følgjande reglar gjeld for besøk ved sjukeheimar og omsorgsbustadar i Hå:

  • Pårørande skal ringa og avklara besøk med avdelinga på førehand. Då vil dei mellom anna få beskjed om kor mange som kan koma samtidig og kor lenge dei kan vera på besøk. Det vil bli gjort individuelle vurderingar av dei ulike avdelingane.
  • Pårørande som har symptom med feber, sår hals eller hoste siste døgn, eller er i karantene, kan ikkje koma på besøk.
  • Pårørande kan ikkje koma på besøk etter utanlandsreise før 10 dagar etter heimkomst.
  • Besøkande må vaska/sprita hendene før og etter besøket
  • Besøkande bør så langt som mogleg prøva å halda minst 1 meters avstand til bebuarar og tilsette.
  • Alle besøkande må førast inn i besøksprotokollen for å letta arbeidet ved eventuell smittesporing.
  • Pårørande som etter besøk får symptom på Covid-19 skal ved testing opplysa om at dei har vore på besøk ved sjukeheim/omsorgsbustad som ein del av smittesporinga. Me tilrår at  sjukeheimen/omsorgsbustaden vert kontakta så raskt som mogleg for å informera om dette.