Poesikonsert på Hå gamle prestegard 31. oktober
Velkomen til ein stemningsfull kveld der ein ny generasjon musikarar går i dialog med lyrikaren Olav H. Hauge.
På slutten av 80-talet las Hauge sjølv inn 99 av sine beste dikt i studio. Dette opptaket utgjer ramma for samarbeidsprosjektet mellom forfattar Erlend O. Nødtvedt og musikarane i Erlend Apneseth Trio.
Felles for uttrykka deira er ein leiken og uredd omgang med tradisjonen. Der trioen tek i bruk element frå folkemusikken og til dømes inkorporerer arkivopptak av stev og lokkar i musikken sin, forhaldar forfattaren seg óg aktivt til tradisjonen i form av sitat, pastisjar, hyllester og omskrivingar. Saman spelar dei konserten med namn «Black Hauge» på Hå gamle prestegard.

Bestill billett her
Sist endra 10.10.2024 11.26