Når ein person får konstatert ein demenssjukdom oppstår det ein ny situasjon som påverkar det daglege livet. Det kan oppstå situasjonar som kan vera vanskelege å meistra både for dei demenssjuke og deira pårørande.
På demensskule vil du oppleva ein sosial møteplass der informasjon og kunnskap blir formidla, og erfaring vert delt.
På pårørandeskule vil du få auka kunnskap og moglegheit for å møta andre med same utfordingar som deg sjølv.
På skulen vil du møta personar som har mykje kunnskap om dei ulike tema som står i programmet. Det vil vera personar som har erfaring i det å rettleia pårørande.
Fokuset med skulane er å gi informasjon, råd og rettleiing om sjukdommen og sjukdommen sine utfordringar. For meir informasjon, ta kontakt med demenskoordinator i Hå kommune, Anne Dagny Versland.
- Stad: Time kommune
- Adresse: Time Rådhus, Arne Garborgs veg 30, 4349 Bryne
- Arrangør: Gjesdal, Hå, Klepp og Time kommune i samarbeid med Jæren demensforening.
Program for pårørandeskule
Skulen går over fem kveldar frå klokka 17:00-19:30.
- Torsdag 15. februar 2024 - Demenssjukdommar.
- Onsdag 21. februar 2024 - Kommunikasjon og samhandling.
- Onsdag 6. mars 2024 - Pårørandes opplevingar og eigenomsorg. Informasjon frå Jæren Demensforening.
- Onsdag 13. mars 2024 - Framtidsfullmakt og verjemål.
- Onsdag 20. mars 2024 - Aktuelle tenester og teknologiske hjelpemiddel som støttar personar med demens
Program for hausten 2024:
- Onsdag 4. september 2024 - Demenssjukdommar.
- Onsdag 11. september 2024 - Kommunikasjon og samhandling.
- Onsdag 18. september 2024 - Pårørandes opplevingar og eigenomsorg. Informasjon frå Jæren Demensforening.
- Onsdag 25. september 2024 - Framtidsfullmakt og verjemål.
- Onsdag 2. oktober 2024 - Aktuelle tenester og teknologiske hjelpemiddel som støttar personar med demens. Informasjon frå Jæren demensforening
Kvar kveld vert innleia med ei forelesning og vert avslutta med samtalar i faste grupper.
Program for demensskule
Skulen går over fem kveldar frå klokka 17:00-19:30.
- Torsdag 15. februar 2024 - Demens
- Onsdag 21. februar 2024 - Kommunikasjon
- Onsdag 6. mars 2024 - Fysisk aktivitet
- Onsdag 13. mars 2024 - Helsevanar og tryggleik
- Onsdag 20. mars 2024 - Tryggleik i kvardagen - eit godt liv med demens
Program for hausten 2024:
- Onsdag 4. september 2024 - Demens
- Onsdag 11. september 2024 - Kommunikasjon
- Onsdag 18. september 2024 - Fysisk aktivitet
- Onsdag 25. september 2024 - Helsevanar og tryggleik
- Onsdag 2. oktober 2024 - Tryggleik i kvardagen - eit godt liv med demens
Pris er 300 kroner per person, og 100 kroner per person for medlemmar i Jæren demensforening. (For å verta medlem, send e-post til jaeren.demensforening@gmail.com)
Kaffi/te og enkel bevertning.
For påmelding, spørsmål eller ønske om meir informasjon, ta kontakt med demenskoordinator Anne Dagny Versland, telefonnummer 48 27 50 47 eller e-post: adve@ha.kommune.no.