Oppstart av reguleringsendring, plan 1107B Område ved Varhaug skole

Cowi AS har i medhald av Plan- og bygningslova §12-8,varsla oppstart av reguleringsarbeid for endring av deler av områdeplan 1107A Område ved Varhaug skule. Endringa gjeld reguleringsføresegnene og arealbruken for området mellom Ånestadvegen, Varhaugvegen, Skulevegen og Dublandsvegen, som framgår av kartutsnittet. Me vil omtale reguleringsendringa som plan 1107B.1107B planavgrensning - Klikk for stort bilete1107B planavgrensning

I planarbeidet vil rekkefølgjekrava i og arealbruken i delområdet bli vurdert på ny, i samband med vurdering av løysningar som sikrar ei god og sikker trafikkavvikling i området. Tiltaket er i tråd med kommuneplanens arealdel 2014-2028, vedteke av kommunestyret desember 2014. Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutreiing, og blir utført av COWI AS på vegne av Hå kommune.

Planavgrensinga er avtalt i oppstartsmøte med kommunen. Planarbeidet vil omhandle tema som trafikk og adkomst til eigedomane i planområdet, barn og unge sine interesser og stadsutvikling. Planavgrensninga kan bli redusert i omfang. 

 

Har du innspel og merknader til planarbeidet? 

merk dei med plannummer 1107B og send skriftleg til:

COWI AS

Tordenskjolds gate 9

4612 Kristiansand

Eller på epost: kdla@cowi.no

 

Innan fredag 3. november.

 

 

Gjeldande reguleringsplan 1107A

Gjeldande reguleringplankart (PDF, 2 MB)

Gjeldande føresegner (PDF, 87 kB)

Gjeldande planbeskrivelse (PDF, 3 MB)

 

Har du spørsmål eller behov for nærare orientering om planarbeidet?

Kontakt COWI AS

v/Kristian de Lange

Epost: kdla@cowi.no

 

Eller sakshandsamar i  Hå Kommune, Rolf Aleksander Svensen Mellgren

Epost: rasm@ha.kommune.no Tlf: 51 79 31 35

Fann du det du leita etter?