Oppstart av reguleringsendring 1010-1B Varhaug sentrum sør

Hå kommune startar opp reguleringsendring for Reguleringsplan for Varhaug sentrum sør, plan-nr. 1010. Me vil omtala endringa som plan 1010-1B, og planarbeidet kan påverke din eigedom.

Planområde 1010-1B Varhaug sentrum sør 1 - Klikk for stort biletePlanområde 1010-1B Varhaug sentrum sør 1

Planområdet er på 11,8 daa og er i gjeldande reguleringsplan regulert til Bustad/forretning/kontor og Anna formål i Reguleringsplan for Varhaug sentrum sør, i tillegg til frittliggjande småhusbebygging i Reguleringsplan 1038 for Reiestadmarka med fleir.


Formålet med reguleringsendringa


- justera plassering av undergang langs jernbanen vestover i retning Esso bensinstasjon
- innsnevra og omgjer kommunal veg rundt Stuelandsbygget, gnr/bnr 54/20, til einvegskjørt veg
- utvida planområdet slik at verna stasjonsbruk «Fredheim» gnr/bnr 54/179 (tidlegare 54/9) vert inkludert i planen

Bakgrunn for endringa


Bane NOR og Statens vegvesen ynskjer ikkje at undergangen plasserast så nærme jernbanen som det er lagt opp til i eksisterande plan. Nåverande løysning førar til problem med utforming av fundament pga. nærleik til jernbanen. Ny plassering lengre vest medfører innsnevring av eksisterande kommunal veg rundt Stuelandsbygget. Dette førar til at vegen må endrast til einvegskjørt. Reguleringsendringa opnar opp for å inkludera verneverdige bygg på gnr/bnr 54/179 i reguleringsplan og tas derfor med i denne reguleringsendringa. Bygga er klassifisert som verneklasse B i Kulturminnevernplan Hå Kommune 2005 – 2016. For ei forklaring av saksgangen, sjå her (PDF, 154 kB).


Har du innspel til planarbeidet?


Har du innspel eller merknadar som kan opplysa saka betre, kan du senda desse til kommunen. Innspel vert vurdert og kommentert når planforslaget vert lagt fram for politisk handsaming.

Du kan senda innspel til planarbeidet merka med plannummer 1010-1B til:


Hå kommune
Tekniske saker og næring
Postboks 24
4368 Varhaug


Eller e-post til teknisk@ha.kommune.no


Fristen for å koma med innspel er 27.10.2017


Har du spørsmål til endringa?


Ved spørsmål eller kommentarar til planarbeidet, ta kontakt med saksbehandlar på telefon
51793126 eller på epost: oddgeir.abeland@ha.kommune.no


Oppstart av reguleringsendringa vert varsla i medhald til plan og bygningslova §§ 12-3, 12-8 og 12-14.


Med helsing
Hå kommune

Fann du det du leita etter?