Oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for Varhaug sentrum

Varhaug sentrum - Klikk for stort bilete

Hå kommune startar arbeidet med kommunedelplan for Varhaug sentrum. Planen skal konsekvensutredast, og eit planprogram skal ligga til grunn for planarbeidet. Forslag til planprogram, saksutgreiing og kart over planområdet finn du til høgre på denne sida.

Kva er hensikta med planprogrammet?
Planprogrammet skal fastleggja tema som skal utarbeidast i prosessen mot eit endeleg planforslag for Varhaug sentrum. Desse tema skal favne bredt og gje eit best mogleg representativt bilete av Varhaug sentrum i dag, og korleis det skal verte i framtida. Dokumenta skal så vere grunnlag for utarbeiding av planforslaget.

Kva delar av Varhaug vil inngå i dette arbeidet?
Avgrensing av planområdet er vist i figuren nedanfor. Grunnlaget for denne er areal markert med sentrumsformål i kommuneplanen. Me gjer oppmerksam på at plangrensa kan endrast i løpet av arbeidsprosessen.

Varhaug sentrum planområde - Klikk for stort bileteVarhaug sentrum planområde

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Korleis kan eg koma med innspel?
Du kan senda inn innspel til planarbeidet og merknadar til planprogrammet merka med: Varhaug sentrum, til postadresse:

Hå kommune
Tekniske saker og næring
PB 24
4368 Varhaug


Eller på e-post: teknisk@ha.kommune.no


Innan 20.10.2017

Fann du det du leita etter?