Viktig melding

Lukk meldinga

Opningstider og tenester i jula

Akutt hjelp, vakttelefonar, service, symjehallar og søppel. Her er oversikta over våre tenester og tilbod i jula.

Legevakt og legekontor

Legevakta:

Legevakta har felles organisering for Hå, Time og Klepp julaftan og nyttårsaftan.

  • Julaftan:  Hå legevakt (24. desember klokka 07:45 til 25. desember klokka 07:45)

  • Nyttårsaftan: Klepp og Time legevakt (31. desember 07:45 til 1. januar klokka 07:45)

Legekontor

Legekontora i Hå følger vanlege opningstider i jula. 

Helsestasjonar

Helsestasjonane følgjer vanlege opningstider. Det er ikkje helsesjukepleiar/jordmor på alle kontora alle dagar, men telefonen er betjent, og alle som treng det kan få hjelp.

Barnevern

Du kan alltid kontakta barnevernet. Ring 99214938 på kvardagar og 90541321 dei raude dagane. 

Brannvesenet

Nødnummer 110. Andre meldingar, tlf 415 32 664

Teknisk vakttelefon

Tek imot meldingar om feil som gjeld veg, vatn og kloakk. Tlf 51 79 30 90. Du kan også melda feil på www.ha.no/meldfeil

Bibliotek

Biblioteka på Ogna og Varhaug har stengt i skulen sin juleferie frå 23. desember til og med onsdag 1. januar. 

Biblioteket på Nærbø har desse opningstidene:

  • Fredag 23. desember: 10:00-15:00
  • Laurdag 24. desember: Stengt
  • Sundag 25. desember: Stengt 
  • Måndag 26. desember: Stengt
  • Tysdag 27. desember: 10:00-15:00 
  • Onsdag 28. desember: 10:00-15:00
  • Torsdag 29. desember: 10:00-18:00
  • Fredag 30. desember: 10:00-15:00
  • Laurdag 31. desember: Stengt
  • Sundag 1. januar: Stengt

Ordinære opningstider frå og med måndag 2. januar.

Hå gamle prestegard

Hå gamle prestegard har desse opningstidene i jula:

  • 24. desember: Stengt
  • 25: desember: Stengt
  • 26. desember: 12:00 - 17:00
  • 27. desember: 11:00-15:00
  • 28. desember: 11:00-15:00
  • 29. desember: 11:00-15:00
  • 30. desember: 11:00-15:00
  • 31. desember: Stengt
  • 1. januar: Stengt
Symjebasseng

Stampen terapibasseng, Nærbø symjehall og Vigrestad symjehall held som vanleg stengt i skulen sin ferie. 

Pytten miljøstasjon

Sjå opningstider på www.ha.no/pytten

Renovasjon

Det blir andre tømmedagar i samband med jul og nyttår. Sjekk når søppelet ditt skal tømmast på www.ha.no/renovasjon

Servicetorget på rådhuset

Servicetorget har ope frå 09:00-14.00 alle kvardagar. Send e-post på servicetorg@ha.kommune.no om du treng hjelp til noko.