Offentleg ettersyn: forslag til planprogram for klima- og energiplan

Formannskapet vedtok i møtet 2. mai 2017 å legge forslag til planprogram for klima- og energiplan for Hå kommune ut til offentleg ettersyn.

kviamarka.jpg - Klikk for stort bilete Hå kommune har starta arbeidet med revisjon av kommunen sin klima- og energiplan. Målet med planarbeidet er å stimulere og bidra til reduksjon av klimagassutslepp, effektivisere og legge om bruken av energi. Forslaget til planprogram gjer greie for målet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegget for medverknad, kva tiltak som vil bli vurderte og behovet for utgreiingar.

Planprogrammet peiker på fleire moglege satsingsområde der gjennomføring av tiltak kan ha størst effekt med omsyn til reduksjon av klimagassutslepp. Satsingsområda er; «transport», «stasjonær energi», «landbruk», «næringsliv», «innkjøpsordningar», «bruk av miljøkrav i planlegging og utbygging» og «samarbeid, kompetansebygging og haldningsskapande tiltak». Val av satsingsområde og tiltak vil bli nærare vurdert og prioritert gjennom revideringa av klima- og energiplanen.

Den reviderte planen vil fokusere på kommunen si rolle som samfunnsutviklar i forhold til dei utfordringane som klimabiletet framover viser, samt fokusere på tiltak for å effektivisere og legge om energibruk og redusere klimagassutslepp knytt til kommunen si eiga verksemd. Planen vil innehalde forslag til målsettingar på overordna og sektornivå, og det blir laga eit handlingsprogram med prioriterte tiltak. Forslag til endeleg plan vil bli lagt ut på høyring.

Eventuelle merknadar til planprogrammet skal merkast «sak 17/541 Planprogram for klima- og energiplan». Merknadane skal sendast til Hå kommune, Postboks 24, 4368 Varhaug eller på e-postadresse: post@ha.kommune.no. Du kan og nytte eit eige skjema for høyring.

Frist for å kome med merknadar til planprogrammet er sett til 25. juni 2017.

Nærare orientering om planen kan du få ved å venda deg til Hå kommune på telefon: 51 79 30 00. 

Sist endra 01.06.2017
Fann du det du leita etter?