Offentleg ettersyn for reguleringsendring, områdeplan 1095A Skinansfjellet vindkraftverk

Utval for tekniske saker og næring vedtok 26.09.2017 å leggja forslag til reguleringsendring 1095A Skinansfjellet Vindpark ut til offentlig ettersyn, I medhald av plan - og bygningslovas § 12 - 10 og 12 – 14. Endringa utgjer konkret ei endring av reguleringsføresegna § 2.2.2 si makshøgd frå 150 til 200 meter.
"§ 2.2.2 Total høyde til vingespiss (navhøyde + 1/2 rotordiameter) kan være inntil 200 meter."

varslingskart 1095A - Klikk for stort biletevarslingskart 1095A

Kva betyr dette?

Skinansfjellet vindkraftverk i Hå kommune, er planlagt bygd saman med naboprosjekta Eikeland/Steinsland og Gravdal som ligg Bjerkreim kommune. Arbeida med utbygging, bla. av Bjerkreim transformatorstasjon har starta. Tiltakshavar Norsk Vind AS har som følgje av si detaljprosjektering, marknadssituasjon og ny teknologi, funne at dei ynskjer å byggja større vindturbinar enn gjeldande områdeplan frå 2013 tillet. Konkret ynskjer dei å endra maksimalhøgda til høgaste punkt på vingespiss frå bakkenivå, regulert i § 2.2.2 i reguleringsføresegnene, frå 150 til 200 meter.

Hå kommune vedtok områdereguleringsplan 1095 for Skinansfjellet vindkraftverk den 21.03.2013. Denne planen legg overordna føringar for utføringa av vindkraftverket. Tiltakshavar søkte den 09.09.2016 om dispensasjon frå kravet om detaljregulering, dispensasjonen blei innvilga 25.10.2016. Heile tiltaket er omsøkt gjennom MTA-plan, som er godkjent av Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) den 02.12.2016. Gjeldande Miljø-, transport- og anleggsplan (MTA-plan) er vedlagt.

Endringa i områdeplanen gjeld kun føresegna om høgde. Detaljert utforming av området er ikkje del av kommunens områdeplan, men alle føringane som er gitt i føresegnene vil framleis vera gjeldande.

Vidare endringar i vindkraftverket si utforming blir søkt om gjennom ein oppdatert MTA/detaljplan, som vil handsamas av NVE etter Energilova. Her blir det gjort ei vurdering av miljøkonsekvensane som følgje av en endra utbyggjing. Dette vil også gjelda dei delane av vindkraftverket som ligg i Bjerkreim kommune, der det er gitt dispensasjon til tiltaket i medhold av plan- og bygningslovens §19-2. Oppdatering av MTA-plan vil også føregå via offentlig høyring, denne er nært føreståande. Tiltakshavar påpeiker at større vindturbinar medfører større krav til innbyrdes avstand, som kan medføre endra plassering i terrenget og færre turbinar. I Hå-delen av utbyggingjinga er det venta 20 i staden for 23 turbinar.

Dokument
 
Korleis kan eg koma med innspel?
 
Du kan senda innspel merka med plannamn: Plan 1095A Skinansfjellet vindkraftverk , til e-post: teknisk@ha.kommune.no, eller til postadresse: 
Hå kommune
Tekniske saker og næring
PB 24
4368 Varhaug
 
Innan fredag 17. november 2017
 
 
Korleis vert innspela brukt?
 
Alle innspela vert vurdert ved neste behandling av planen. Det kan gjerast mindre endringar i planforslaget som ein konsekvens av innspela, og ved større endringar kan det vere aktuelt å leggja planen ut til nytt offentleg ettersyn. 
 
Kven kan eg kontakta ved spørsmål?
 

Sakshandsamar i  Hå kommune, Rolf Aleksander Svensen Mellgren                                                  Epost: rasm@ha.kommune.no Tlf: 51 79 31 35

Fann du det du leita etter?