Nyttårstale

Ordføraren sin nyttårstale ved mottakinga
på Jærmusèet 1. januar 2018.
5314 Jonas Skrettingland_0066 - Klikk for stort bilete

Takk for at de tok imot invitasjonen til  denne nyttårsmottakinga ved overgangen til eit nytt år. Gildt å sjå dykk alle, kommunepolitikarar, folk som administrerer kommunen, folk som har utmerka seg med prestasjonar på nasjonalt og internasjonalt nivå, kor som deltek med song og musikk, men kanskje aller mest gildt å sjå de som kom berre fordi de har lyst til å vera her.

Nyttårstalen skal seia noko om «tingenes tilstand» i Hå. Så likar vi jo å ta fram litt av det som har vorte gjort i året som ligg bak. Men det er jo som Helge Torvund skriv i boka si «FilosoFISK»:                   «Kva skulle ein gjort utan alt det ein ikkje får gjort?»

  1. Året 2017 var annleis enn dei føregåande åra.

Vi var faktisk færre Håbuar 31. desember enn 1. januar. Det har ikkje hendt før som eg kan hugsa, og det har følger for arbeidet vårt i Hå kommune. Då vi arbeidde med kommuneplanen som vart vedteken i desember 2014, auka folketalet i kommunen med mellom 4 og 5 hundre kvart år. Så har vi endra folketalsframskrivingane etter den tid, men på bakgrunn av Statistisk Sentralbyrå sine ulike alternativ har vi alltid rekna med betydeleg vekst. Og veksa skal vi, men det er klart at planar må tilpassast folketalsutviklinga.

Etter mange år der vi har strevd med å få etablert nok barnehageplassar, har vi no ledige plassar. Behovet for elevplassar i skulen endrar seg i forhold til forventa behov, så planane må tilpassast ei ny verkelegheit. Behov for bustadtomter har heller ikkje utvikla seg slik vi tenkte, og vi veit at utbyggjarar sit på nøkleferdige leilegheiter som du kan kjøpa på dagen. Dei lokkar med både fjernsyn, koppar og kar på plass.

Kva gjer så kommunen for å snu denne utviklinga?

Vi er ein del av Stavanger-regionen, og det er nok slik at presset, eller det manglande presset i regionen er den viktigaste faktoren for utviklinga i Hå. Arbeidsplassar i regionen er heilt sentralt. Men det betyr ikkje at vi berre er tilskodarar til det som skjer. Vi har mykje godt å tilby i Hå, og vi vil i endå større grad marknadsføra det vi har. Vi har gode bumiljø i dei ulike tettstadane med mangfaldig organisasjonsliv og kulturtilbod.

  • Vi legg til rette for arbeidsplassar i kommunen. Det er no ledig næringsareal i alle delane av kommunen.
  • Den som vil ha tomt for ein einebustad, kan få etablera seg høgt og fritt i Stokkalandsmarka, tomta ligg klar, og eg kan raskt skriva under på skjøte.
  • Vi arbeider med sentrumsplanar for stasjonsbyane. Nærbø ligg først i løypa, men planprogram er og vedteke for Varhaug. Attraktivitet er eit stikkord. Skal folk koma til Hå, må vi gjera sentra våre endå meir attraktive som bumiljø. Nye tider, nye måtar å organisera liva på krev nye måtar å tenkja bumiljø på. I lag med innbyggjarane i dei ulike stasjonsbyane, i det som vi kallar gjestebudsmodellen, har vi starta dette arbeidet. Så langt har det vore ein interessant prosess på Nærbø, og vi veit at folk sørover står klar for å bidra i planarbeid for at stasjonsbyane med tettare bustadbygging rundt jernbanestasjonane skal vera attraktive å bu og leva i.

Pilene som i 2017 er vassrette skal igjen peika skrått oppover.

Noko anna som kanskje ikkje er heilt nytt, har likevel kome på sakskartet i 2017.

Spørsmålet om klima og miljø er på veg inn og i lokalpolitikken.

«Ei svale gjer ingen sommar» heiter det. Eitt regnfullt år skal vi heller ikkje mista motet av, sjølv om det kan røyna på med så mange regndagar som vi hadde i fjor. Men at det føregår klimaendringar må vera heva over all tvil. Sjølv om  minnet bedrar, og minnet om at vi i barndommen gjekk på skeiser frå oktober til mars kanskje ikkje er heilt å stola på, så oppfører naturen seg annleis no enn før. Så må eg innrømma at eg strevar litt med å forstå alle desse tusen tonna med CO2, og at kua som raper skal vera ein miljøtrussel, men eg forstår at vi må ta meir hensyn til miljø. Vi tenkte før at fekk vi berre grapset ut i Nordsjøen, ordna havet resten.

No ser vi at både skyene og sjøen har sine grenser for kva dei kan ta imot. Endra nedbørsmønster gjer at vi må bruka meir enn hundre millionar kroner over litt tid på å oppgradera avløpssystema.  Landbruket stangar i taket når det gjeld dyretal som den vesle landstripa vår kan husa utan at næringssystemet kjem i ubalanse. Vi må tenkja både privat og offentleg verksemd inn i ein større samanheng der aktiviteten vår påverkar omgjevnadane.

Det vert arbeidd med ein klima- og miljøplan i kommunen. Nasjonale mål for å redusera utslepp av ulike slag skal brytast ned på kommunenivå. Vi ser ikkje konsekvensane fullt ut i dag, men dei kjem. Og vi prøver å sjå kva det får å bety for Hå. Her vil og samarbeid med landbruk og anna næringsliv vera både tenleg og nødvendig. Kommunale planar, både for klima, miljø og sentrumsutvikling, må lagast i samråd med dei det vedkjem. Først då kan det verta levande planar – i motsetning til skrivebordsplanar.

  1. Eit tilbakeblikk på 2017

Så eit lite tilbakeblikk på det som hende i 2017.

Det har vore høg aktivitet i Hå også dette året, sjølv om pilene er rimeleg vassrette på nokre felt. Det har vorte bedt nasjonale styresmakter om motkonjunkturmiddel, noko Hå i liten grad har fått del i. Ettersom vi ikkje har hatt arbeidsløyse utover nasjonalt snittnivå, har vi sett lite til desse pengane. Men vi har drive vår eigen motkonjunkturpolitikk.

  • Det har vorte investert betydeleg i bygg og anleggsverksemd. Vi skal sjå på det under kvart tenesteområde.
  • Hå har ikkje kutta ned på stillingar slik som andre kommunar har sett seg nøgde for å gjera innan både skule og helse.

Når det gjeld investeringar, har Hå gjort nødvendige investeringar i ei  tid då prisane er pressa. Sett frå vår side har det vore litt vinn – vinn. Entreprenørar og byggjefirma har hatt arbeid i ei tid då oppdraga ikkje stod i kø, og kommunen har fått betre prisar enn vi ville oppnådd i tider med flust av oppdrag. Med dagens rentenivå er det heller ikkje så vanskeleg å forsvara lånefinansierte investeringar.

  1. Helse og sosial

Tenesteområdet for helse og sosial gir dei tilboda vi helst ikkje vil trengja, men som er svært viktige når vi treng dei. Behova her minkar ikkje om folketalsutviklinga er flat, og det vert gjort mykje godt arbeid. Også dette året har vi sett lesarbrev i Jærbladet med takk for godt stell. Eg trur ikkje det er tilfeldig, sjølv om vi veit at behova er store i forhold til dei ressursane kommunen har, og det vil alltid vera råd å meina at meir skulle ha vore gjort.

Når det gjeld investeringar innan denne sektoren, ligg ein del i framtida.

Det er bygd parkeringsanlegg på Hå sjukeheim dette året, noko som var nødvendig for å kunna byggja dei to nye etasjane på sjukeheimen. Dette arbeidet er starta, og vi veit at det fører til ekstra belastning, både for tilsette og for dei som må flytta ut i byggjeprosessen.  Når dei to nye etasjane er ferdige på nyåret neste år, vil det verta endringar og for Heimtun. Det har vorte arbeidd ein god del med planar for dette i 2017, men alt er ikkje på plass ennå. Noko fall på plass då kommunestyret i desember bestemte seg for å gå for ny avlastningsbustad til erstatning for Blåbærtua på Nærbø. No skal administrasjonen sjå på tomt og plassering for denne.

  1. Opplæring og kultur

Det er innan opplæring og kultur vi finn dei fleste årsverka i Hå kommune, meir enn 650 årsverk. Arbeid med dei som veks opp i kommunen legg grunnlaget for framtida og må prioriterast høgt.

  • Det vert arbeidd mykje med kvalitet i barnehagane. Vi har lagt bak oss ein periode med svært stor vekst i antal barnehagebarn. No er det mykje fokus på å vidareutvikla og formalisera kompetanse hjå tilsette. Vaksne som er trygge på seg sjølv og kompetansen sin, burde borga for trygge born. Barnehagane har jo slik som samfunnet utviklar seg vorte stadig viktigare som grunnlag for gode liv.
  • Det er betydeleg fokus på skulen i det politiske miljøet i Hå, både på ramar og innhald. Vi har investert heftig i skular dei siste åra, men veit at det er det daglege arbeidet inne i desse roma som verkeleg betyr noko. No er det sett av pengar slik at i løpet av neste år, vil kvar enkelt elev ha sin eigen PC eller Cromebook til disposisjon. Vi riggar oss for nye tider.
  • Då eg gjekk på musikkskulen og lærte å klunka på gitar, var det ikkje den store susen over det, og gitaren er for lengst pensjonert. Dagens kulturskule imponerer meir, både når det gjeld kvalitet og breidde i tilbod. At det vert sett opp førestillingar som Brundibar i fjor vår viser kvaliteten. At ungdommar frå Hå syner igjen nasjonalt når det gjeld opera, er meir enn eg hadde trudd for få år sidan.

Eg nemnde investeringar.

Bø skule var ferdig året før, men fekk utmerkinga som årets skulebygg i 2017. Ny Ogna skule er på plass, og skal formelt opnast 3. januar med open dag og snorklypping.  På Vigrestad er ny barnehage langt på veg ferdig og skal tas i bruk i mai. Så ligg Varhaug skule og Brusand barnehage litt fram i løypa.

Kommunen la til rette for to store arrangement dette året, arrangement som ikkje er årleg tilbakevendande. Som tidlegare nemnt, er minnet ikkje alltid å stola på, men slik eg minnest denne sommaren, var det to dagar med fint ver. Det var 28. juni då Christian Radich besøkte Sirevåg hamn, og den 10. august då sommartoget besøkte Brusand stasjon.

Christian Radich kom inn i ei speilblank hamn i sol og vindstille, og fleire tusen var nedom hamna dei få timane båten låg til kai. Det er ufatteleg at det framleis kan vera ledige leilegheiter og hus i Sirevåg etter dette, men det er det altså.

Sommartoget vart møtt av ein fin portal av traktorar på turen inn til stasjonen, og folketalet på Brusand vart meir enn 20-dobla denne fine sommardagen. Verksemder, lag og organisasjonar bidrog slik at toget vart møtt av eit yrande folkeliv og berre smilande menneske. Eg trur ikkje at dei sa det berre for å gleda oss, men NRK-folka sa i alle fall at det var det stoppet med flest folk, og dei såg ut til å meina det då dei sa at besøket på Brusand var toppen på turen, med sine 4 meter over havet….

Sommartoget kjem neppe tilbake, men alt til sommaren vert det nytt skipsbesøk. Då legg Tall Ships Races inn Sirevåg som besøkshamn. Sjølv om brød og sirkus ikkje er hovudfokus for kommunen, skjemmer det ikkje ut med eit avbrekk i kvardagen, så velkommen til Sirevåg den 24. juli.

Vi får ta med eit filosofisk korn frå Helge Torvund:

Ein kan jo ikkje berre sleppa stillheten laus på folk

Nåja. Det er vel berre så vidt det er eit kommunalt ansvar å skapa fest, men attraktivitet heng saman med meir enn lovpålagde oppgåver.

  1. Tekniske saker og næring

Eg sa at helse og sosial er tenesteområdet du helst ikkje vil ha bruk for. I ein kommune i utvikling treng vi folk som teiknar kart og planar. Reguleringsplanar vert lukkelegvis etterspurde, og folk vil vidare. Det er dessverre langt færre byggjesaker no enn for få år sidan, men det skjer stadig noko. Og plutseleg ser vi nødvendigheten av ting vi trudde gjekk av seg sjølv. NRK har aldri vore så ivrige på besøk i Hå som dei dagane dei trudde at søppelhentinga skulle stansa opp. Det gjekk godt det og, takka vera godt arbeid i administrasjonen og godt samarbeid med nabokommune i nord.

Det er store arbeid på gang

  • Veg frå FV 44 til Stokkalandsvegen med avløp ned til Rennå
  • Arbeid i Stokkalandsmarka
    • Bustadtomter
    • Industritomter
    • Vegsystem inn til det som i framtida vert sentrum i Stokkalandsmarka
  • Flaumsikring og oppgradering av avløpsnett på Nærbø og Vigrestad. Varhaug står for tur om få månadar.
  • Sentrumsplanar med bruk av gjestebudsmodellen
  1. Felles

Det vert utført ca 1310,3 årsverk av kommunalt tilsette i Hå. Eg vil seia takk til dei endå fleire folka som gjer desse årsverka. Fellesskapet er heilt avhengig av dette arbeidet.

Mange av dei som arbeider med kommunale tenester kjenner på stadig aukande press og forventningar til resultat. Politikarane kjenner og på forventningar.

Det er viktig at det vert løfta i lag slik vi seier i Hå. Det er viktig korleis dei tilsette har det.

  • Det er i 2017 utarbeidd ein arbeidsgjevarstrategi. Dette er gjort i nært samarbeid med dei tillitsvalde.
  • Det er og arbeidd fram etiske retningslinjer for tilsette og politikarar. Vi blir jo stadig minna om kor viktig det er at vi steller oss rett. Det er visst nødvendig og nasjonalt.

Arbeidet vi gjerne ville ha gjort aukar utan at økonomiplanen gjev rom for auka mannskap. Då må vi på same måte som anna arbeidsliv tenkja på effektivisering. I kommunen kallar vi det framtidsløftet. Her vert og samarbeid mellom tilsett og arbeidsgjevar heilt sentralt.

Digitalisering og velferdsteknologi er meir enn moteord etterkvart. Men så må vi og hugsa på maskinar med elektrisk energi aldri vert det same som kroppsvarmen i hender og levande smil.

Så vil eg til slutt nemna at bak alt det arbeidet som vert gjort av tilsette i kommunen, bak alle dei investeringane som vert gjorde, og som eg har nemnt, ligg det eit politisk arbeid. Folkevalde politikarar bruker helger og kveldar på å setja seg inn i saker, gjera prioriteringar for å styra kommunen i det som dei meinerer er rett retning.

I mange saker er politikarane i Hå einige. Men ikkje alltid. I arbeidet med budsjett og økonomiplan dette året gjekk usemja langs litt andre linjer enn dei vanlege. Det kan koma til å føra til eit litt annleis samarbeidsmønster i kommunepolitikken i året som ligg framføre.

Visjonen for Hå kommune er å løfta i lag.

Det vil fortsatt vera motto, både for politisk arbeid og for samarbeid mellom politikarar og administrasjon. Då er det minst energitap, og då vert resultatet best.

Det er med glede og forventning eg går inn i 2018.

Så takk for oppmerksomheten og godt nytt år!

Fann du det du leita etter?