Ny timeplan og billettbestilling i Stampen

Mandag 17. januar opnar me for offentleg bading i Stampen igjen. Det gler me oss til. Me har brukt den forlenga juleferien godt, og har gjort ein del endringar både på billettsal og timeplan. 

  • Nytt for året er at det blir førehandssal av billettar for alle grupper. Nå skal både familiar, vaksne og pensjonistar kjøpa billettar i TicketCo før bading. (Det finst nå også billettar for ledsagerbevis, jærkortet og bedriftsavtale i billettkiosken)
  • Billettar for neste veke ligg ute nå, og blir framover lagt ut kvar fredag klokka 11.00. For tida sel me 20 billettar til familiebading fredagar og 15 billettar til dei andre badingane.
  • Me har utnytta timeplanen betre, og har lagt til desse fem nye timane for offentleg bading:
    • Mandag kl. 17.00-18.00: Familiebading for barn med funksjonsnedsettelse
    • Mandag kl. 18.00-19.00: Pensjonistbading
    • Mandag kl. 19.00-20.00: Vaksenbading
    • Torsdag kl. 17.30-18.30: Familiebading
    • Torsdag kl. 19.30-20.30: Vaksenbading
  • Badstova opnar 18. januar. Følg retningslinjer for smittevern som står på plakaten i badstova.
  • Hald deg heime når du er sjuk, og hald meteren i garderoben.
  • Les meir og bestill billettar på www.ha.no/stampen