Ny etappe av Rundvegen er stengt

Rundvegen mellom innkøyringa til Solheimsvegen og Trøskjeløhagen på Vigrestad, vil vera stengt fram til sommaren 2020.

Klikk for stort bileteBlått merke viser kor vegen er stengt

I arbeidet med å sikra Vigrestad mot flaum, må delar av Rundvegen framleis vera stengt for gjennomkøyring. Fram til sommaren 2020, er det etappen mellom Solheimsvegen og Trøskjeløhagen som er stengt. Nye vann- og avløpsledningar skal på plass.

Det vil bli skilta alternative ruter for fotgjengarar og syklistar.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med

Servicetorget
Telefon 51 79 30 00
E-post servicetorg@ha.kommune.no

Fann du det du leita etter?