Fram til nå har innbyggarane i Klepp, Time og Hå berre vorte vaksinerte med koronavaksinen frå BioNTech/Pfizer (Comirnaty). Frå og med veke 34 vil kommunane også verta tildelte Moderna-vaksinen (Spikevax).
Mange som har fått Pfizer som 1. dose vil få Moderna som 2. dose. Det å kombinera vaksinar gir like god beskyttelse som å få begge dosane frå same produsent, og medfører heller ingen større risiko for alvorlege biverknader. Det å kombinera vaksinar frå ulike produsentar er noko ein har gjort i mange år for andre sjukdommar.
Folkehelseinstituttet understrekar at begge vaksine-alternativa er effektive, også mot Delta-varianten. Les meir om dette på nettsidene til FHI.
Me kan ikkje seia på førehand om du får Pfizer eller Moderna, og det er ikkje mogleg å velja. For å få fortgang i vaksineringa oppmodar me alle innbyggarar til å la seg vaksinera med den vaksinen ein får tilbod om, slik at me så raskt som mogleg får fullvaksinert alle over 18 år.
PS! Me oppfordrar alle til å gå inn på nett og sjølv framskunda tidspunkt for andre vaksinedose. Det må gå minimum fire veker (28 dagar) mellom første og andre dose.
Les meir om koronavaksine i Hå her