Nå kjem fakturaen for kommunale avgifter

Forfallsdato er 1. oktober.40307349_2241322342605888_2119695209594880_n - Klikk for stort bilete

Nytt for året er du kan få faktura for kommunale avgifter i Vipps. Du må då ha takka ja til å motta faktura i Vipps-appen og ha e-fakturaavtale med Hå kommune.

Kva er kommunale avgifter?

Avgift for renovasjon er betaling for at kommunen tek hand om avfallet ditt. Avgift for vatn og kloakk er betaling for at du har reint vatn i springen, avløp frå eigedommen og at spillvatnet (kloakken) blir reinsa.

Ofte stilte spørsmål

Kommunale avgifter

spørsmål
Kommunale avgifter - kva er det du betaler for?

Avgift for renovasjon er betaling for at kommunen tek hand om avfallet ditt.

Avgift for vatn og kloakk er betaling for at du har reint vatn i springen, avløp frå eigedommen og at spillvatnet (kloakken) blir reinsa.

To gonger i året kjem ei slik rekning til deg som eig ein eigedom i Hå

Kor tid betaler du gebyra?

Dei kommunale avgiftene blir kvart år delt i to betalingar.

1. april er betalingsfristen for fyrste halvår.

Faktura fyrste termin inneheld faste avgifter frå januar til juni, i tillegg til oppgjer på det som er betalt på forskot av vatn og kloakk, mot det faktiske forbruket ditt. Du betaler og forskot (akonto) på det forventa forbruket på vatn og kloakk for fyrste halvår.

1. oktober er betalingsfristen for andre halvår.

Faktura andre termin inneheld faste avgifter frå juli til desember. I tillegg til forskot (akonto) på det forventa forbruket på vatn og kloakk, for siste halvår.

Kva tyder "vatn målt forbruk fø"?

Det tyder vatn målt forbruk førre år. Denne summen er rekna ut frå antal målte kubikk som du brukte i fjor. (Me finn forbruket ditt ved å samanlikna målarstand du leverte ved nyttår, med målarstanden du leverte for eitt år sidan)

Kva er abonnementsavgift vatn?

Dette er eit fast beløp uavhengig av kor mykje vatn du bruker. Du betaler halvparten på våren, og halvparten på hausten.

Kva tyder akonto vatn?

Akonto er førehandsbetaling av forventa vassforbruk dette året. Dette er rekna ut i frå det vassforbruket du hadde i fjor. Du betaler halvparten på våren, og halvparten på hausten.

Kva tyder "fråtr akonto vatn fø"?

Fråtrekk akonto vatn førre år, tyder at me trekk frå det du betalte inn i forskott (akonto) i fjor. Viss forbruket ditt var høgare i fjor enn året før, vil det vera ein meirkostnad for deg på denne rekninga. Viss forbruket ditt var mindre i fjor enn året før, så trekk me dette i frå. Og rekninga di vil vera lågare.

Kva tyder abonnementsavgift kloakk?

Dette er eit fast beløp , som du betaler halvparten om våren og halvparten om hausten.

 

Kva tyder akonto kloakk?

Akonto er førehandsbetaling av forventa forbruk. Dette er rekna ut i frå det forbruket av vatn du hadde i fjor. Brukte du 140 kubikk vatn i fjor, finn du summen ved å ganga 140 med kloakkavgifta som i 2018 er 10,84 kroner per kubikk, utan moms. Halve beløpet kjem på våren og halvparten på hausten.

Kva tyder renovasjon fast avgift?

Dette er den faste delen som alle betaler likt, uavhengig av kva slags abonnement du har på renovasjon. Halve beløpet kjem på våren og halvparten på hausten.

Kva tyder renovasjon rest?

Dette er den variable delen av renovasjonsavgifta som er rekna ut frå kva storleik renovasjonsdunken din har. Det er tre storleikar: 140 / 240 / 660 liter dunkar. Dersom det står "renovasjon rest 140" på rekninga di, har du 140 liter dunk.

Kva tyder gebyr bleiedunk?

Viss du har bestilt bleiedunk, må du betala 200 kroner i eit eingongsbeløp. Bleiedunken er din eigedom, og du betaler ikkje noko for å få den tømt. Føresetnaden er at denne blir brukt bare til bleier, ikkje til anna restavfall.

Kva tyder slam?

Det tyder at eigedommen din ikkje er tilkopla det kommunale kloakknettet, men at du har ein septiktank på tomta di. Denne tanken må bli tømt annakvart år.

Kva tyder kloakk-drift og -bustad?

Har du gard med driftsbygning, står det slik på rekninga di. Betaling for vatnet blir rekna ut etter forbruk. Men betaling for kloakk er etter faste satsar. Ein driftsbygning blir rekna ut med 135 kubikk, og kvar bueining med 250 kubikk.

Kvifor får eg rekning på avgifter frå 1. mars, når eg kjøpte ny leilegheit i juli?

Avgiftene på vatn og kloakk tikker og går frå månaden etter vassmålaren blei montert i det nye huset/leilegheita. Betaling for månadane før du flytta inn, må du dermed ta med seljar. Kommunale eigedomsgebyr er ikkje knyta til person, men eigedom. Ved eigarskifte mellom to avrekningsperiodar er seljar og kjøpar sjølv ansvarlege for å gjera opp kommunale gebyr seg imellom. Det er registrert eigar som heile tida er ansvarleg for ubetalte gebyr på eigedommen. Det inkluderer og ikkje-betalte kommunale gebyr under tidlegare eigarar.

 

Fann du det du leita etter?