Viktig melding

Lukk meldinga

Nå er det generelt bålforbod

 

Kvart år frå og med 15. april til og med 15. september er det generelt bålforbod i Norge. 

Dette kan du ikkje gjere:

  • Grille eller lage bål i nærleiken av skog og utmark. Dette gjeld og eingongsgrillar

Dette kan du gjere:

  • Tenne opp kaffibål og grill der det åpenbart ikkje kan medføre brann, f.eks. der det ligg snø på bakken eller der det har regna lenge.
  • Tenne opp kaffibål og grille på godkjente og tilrettelagte bål - og grillplassar som er godkjent av kommunen.
  • Tenne opp kaffibål og grille i eigen hage og i sjøkanten i god avstand frå skog og vegetasjon.
  • Brenne sankthansbål. Husk å melde frå til brannvesenet her.
  • Brenne bråte og tørt hageavfall utanfor tettbygde strøk.
  • Gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark når du har fått lov av brannvesenet.

Kva er utmark og innmark?

  • Utmark, kort oppsummert: Skog, fjell, strand, vatn og naturområder som ikkje er innmark.
  • Innmark, kort oppsummert: Areal som blir brukt til matproduksjon og nyttevekster. Den private sonen rundt bygningar. Områder som er tilrettelagt for ei spesiell verksemd som ikkje let seg kombinere med allmenn bruk.

Tips til trygg bålbrenning

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for brannsikkerheita
  • Det bør vera ein vaksen, edru person som er ansvarlig for bålet
  • Bålet må vere i god avstand frå bygningar og vegetasjon
  • Det er ikkje lov å brenna bål på svaberg
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkke ved behov
  • Ha eigna slokkemidler lett tilgjengeleg
  • Det er forbode å brenna plast, bygningsmaterialer og anna søppel
  • Når du forlèt bålplassen skal bålet vere heilt sløkt

Eingongsgrill

Om du brukar eingongsgrill, husk å vurder brannfaren mot underlaget. Under eingongsgrillen blir det varmt og underlaget kan fort ta fyr eller bli skada av varmen. Set aldri grillen direkte på bakken, men bruk stativet som følger med.​

Bråtebrenning

Mange nyttar våren til å ta ei opprydning i hagen. Då er det mange som vel å brenna bråte av hageavfallet. Dersom kommunen tillèt utandørs brenning kan ein kan brenna bråte på eigen eigedom utanfor tettbygde strøk under det generelle bålforbodet, under føresetnad av at bråtebrenninga;

  • blir gjort på ein forsvarleg måte
  • ikkje sjenerer naboar
  • skjer i dagslys
  • blir meldt til brannvesenet i forkant