Menn i helse – bli helsefagarbeidar!
Vil du ha ein ny start og ein trygg jobb?
Hå kommune søkjer vaksne arbeidssøkande menn som vil ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom programmet Menn i helse. Dette er ei unik moglegheit til å kombinere utdanning og arbeid.
Menn i helse søkjer deltakarar til kull 2026. Meld deg på via mennihelse.no.Kven kan søkje?
- Du er mann og arbeidssøkande.
- Motivasjon er viktigare enn alder – du kan vere i 20-åra eller godt over 50.
- Under utdanninga vekslar du mellom ytingar frå NAV og lønn frå kommunen.
Informasjonsmøte
Ta sjansen og bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte. Her får du vite meir om:
- Utdanninga
- Økonomi
- Jobbmoglegheiter
Tidlegare deltakarar deler også sine erfaringar.
Tid og stad:
- 6. februar kl. 12.00–14.00
- Time rådhus, Arne Garborgs veg 30, 4349 Bryne
Påmelding: NAV kursoversikt
Kva skjer etter møtet?
- Nokre veker etter møtet blir det gjennomført intervju.
- Eigna og motiverte kandidatar får tilbod om ein praksisperiode på 10 veker som helserekrutt på sjukeheim eller liknande.
- Deretter sommarjobb og vidare utdanning fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.
Er du vår neste mann?
Grip moglegheita!
Kjenner du nokon som fortener sjansen? Tips dei om Menn i helse!
Spørsmål?
Kontakt fylkeskoordinator:
Kjersti Hoddevik
Telefon: 922 31 066
E-post: kjersti@mennihelse.no
Sist endra 06.01.2026 14.11