Lokale smitteverntiltak i Klepp, Time, Hå og Gjesdal

Illustrasjonsbilde av symjebasseng - Klikk for stort bileteAlle idrettshallar og symjebasseng er stengde utanom skuletid i perioden 4.-18. januar.

Søndag 3. januar annonserte regjeringa fleire nasjonale smitteverntiltak. Mellom anna vert alle anbefalt å unngå gjester i heimen dei neste 14 dagane. Det vert òg anbefalt å utsetja alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs til etter 18. januar. Dette gjeld også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klasser/kohortar.

Måndag 4. januar vart Klepp kommune, Time kommune, Hå kommune og Gjesdal kommune einige om følgande lokale tiltak som er gjeldande fram til 18. januar:

Symjebasseng

  • Alle symjebasseng er stengde for publikumssymjing.(Stampen er heilt stengt)
  • Symjeundervisning i skuletida vil bli avgjort av kvar enkelt kommune/skule. Ungdomsskulane i Hå skal ikkje ha symjeundervisning i denne perioden, medan det blir gjort individuelle vurderingar i barneskulen.

Idrettshallar/gymsalar

  • Alle kommunale idrettshallar og gymsalar er stengde for organisert trening, og alle idrettslag vert oppfordra til å stenga sine hallar.

  • Undervisning i skuletida kan verta gjennomført i faste kohortar.

Utandørs idrettsanlegg

  • Alle utandørs idrettsanlegg er opne. Organisert trening må verta gjennomført i tråd med gjeldande smittevernreglar og rettleiar frå det enkelte særforbund.

Kulturskular

  • All gruppeundervisning er avlyst eller digital.
  • Informasjon om individuell undervisning vil bli opplyst om av den enkelte kulturskule.

Fritidsklubbar

  • Det ordinære tilbodet vert stengt.

Bibliotek

  • Biblioteka er opne, men dei fleste fysiske arrangement er avlyste.

Politiske møte

  • Alle politiske møte vil vera digitale.

Rådhusa

  • Dei fleste tilsette på rådhusa har heimekontor.
  • Me oppfordrar på generelt grunnlag alle til å ta kontakt digitalt eller via telefon.

Alle kommunane prøver så langt dei kan å oppretthalda tilboda til barn, unge, eldre og sårbare grupper.

NB! Det har kome mange spørsmål om treningssenter. For desse har me ikkje beslutta strengare tiltak enn dei nasjonale.

Besøk ved sjukeheim og omsorgsbustader:

På grunn av aukande smitte i regionen kan bebuarar i institusjon ha inntil to nærkontaktar per veke. Enslige ved omsorgsbustader vert og oppfordra til å avgrensa nærkontaktar til inntil to per veke. Dette gjeld i første omgang til 18 januar.