Viktig melding

Lukk meldinga

Kva er reglane for karantene og isolasjon?

Her er oppdaterte reglar dersom nokon i husstanden din blir smitta av covid-19.

Det er svært viktig at du følger reglane for avstand, karantene og isolasjon. 

Heimeisolering 

Heimeisolering gjeld for personar som har sannsynleg eller påvist covid-19, men som ikkje treng å ligga på sjukehus. Personar som er i heimeisolasjon kan i hovudsak avslutta isoleringa når det er gått 10 dagar etter at symptoma starta, viss du har vore feberfri i minst 24 timar utan bruk av febernedsetjande preparat. 

Du må avklara med fastlegen din om du er klar til å gå ut av isolasjonen.  

 

Friskmeldte etter covid-19 skal ikkje ta ny test

Når fastlegene har gitt klarsignal om at du kan gå ut av isolasjon, skal du ikkje ta ny koronatest før du kan gå tilbake i arbeid. Ein slik test vil visa positivt resultat i flere veker etter sjukdommen, fordi det fortsatt er restar av døde virus i slimhinnene i svelget. Det betyr ikkje at du er smitteberar, og du kan fint gå tilbake i jobb etter fullført isolasjon. Det er heller ikkje farlig om du har litt resthoste, så lenge du er feberfri.

 

Nærkontaktar skal vera 5 dagar lengre i karantene enn den smitta, dersom dei bur saman

Karantenetida er 10 dagar frå siste gong du er utsett for smitte. Nærkontaktar, som bur saman med ein koronasmitta, er utsett for smitte så lenge den sjuke er smittsom. Smittsomheten er størst dei første 5 dagane etter symptomstart. Derfor blir karantenetida 15 dagar frå den sjuke starta med symptom. Karantenetida for familien blir derfor lengre enn isolasjonstida for den som er smitta.

Både barn og vaksne kan vera smitta av covid-19 utan å ha symptom, så det er veldig viktig at alle held karantenetida fullt ut.

 

Dersom fleire blir smitta i familien, startar karantenetida til nærkontaktane på nytt

Får fleire i husstanden påvist covid-19, må hustandsmedlemmane starta opp med nye 15 dagars karantene frå siste symptomdebut.