Korleis førebygga smitte?

Klikk for stort bilete

God hand- og hostehygiene er eit generelt smittevernråd. Koronaviruset smittar som ved forkjølelse og influensa, ved at virus blir overført frå luftvegane hjå ein sjuk person.

For å hindra smitte bør du unngå å hosta eller nysa direkte på andre, og når det er mogleg, halda minst ein meter avstand til personar med luftvegssymptom. 

God hoste- og handhygiene, både hjå sjuke og friske, er viktig for å hindra smitteoverføring. Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunka vatn, spesielt når du har vore ute blant folk. Handdesinfeksjon er eit godt alternativ dersom handvask ikke er mogleg. Dersom hendene er synleg skitne eller våte, har handdesinfeksjon redusert effekt, og hendene bør vaskast med såpe og vatn.

Det er anbefalt å ha tørkepapir tilgjengelig til bruk når du hostar og nys. Har du ikkje det, er olbogekroken eit godt alternativ.

Klikk for stort bilete

Les meir

Les meir på Folkehelseinstituttet sine nettsider.