KONTAKTKONFERANSE - Å HØYRA TIL

Tysdag 20. november kl. 1800, Rådhuset, Varhaug

hoyratil - Klikk for stort bilete Om barn / unge med funksjonshemming og deltaking i fritidsaktivitetar.
• Sosiale nettverk
• Små grep kan gjera ein forskjell
 

Konferansen er for
Deltakarar, også med foreldre og pårørande, 
Instruktørar og tillitsvalte i lag og foreiningar,
Medhjelparar, støttekontaktar og frivillige. 
Andre interesserte.
 

Program:
• Innleiing ved Wibecke Natås, leiar av utval for opplæring og kultur
• Marianne Indreland Haugland, leiar, Eining for funksjonshemma:  Orientering om nytt prosjekt i forhold til medbestemmelse, tenesteutvikling og frivillig arbeid

Praktiske erfaringar frå fritidsaktivitet, med vekt på tilrettelegging.  Informasjon om tilbod som finst.  Mellom anna:   
• Støttekontakt – erfaringar med å ha støttekontakt og å vera støttekontakt.
• Kjelkehockey v/Anita Fuglestad, Nærbø IL
• Makotokai v/Rasmus Vigre
• Barne- og ungdomslaga på Varhaug misjonshus, og litt om kva som skjer på andre bedehus.  v/Gunn Honnemyr
• Golf grønn glede
• Norsk Forbund for Utviklingshemmede, v/ Siri Skretting
• Ungdomsklubbane – Lensmannsløa og Loen, v/ June Skrettingland
• Tilrettelagte tilbod i kulturskulen og ved kulturtorget
• Informasjon om følgjekort og støtteordningar, herunder tilskotsordningar.

Det blir rom for dialog og erfaringsutveksling både undervegs og i etterkant av programmet.

Sjå www.ha.kommune.no/kulturtorget

Kontaktkonferansen er gratis.   Servering:  Pizza
Sei frå om evt. allergi ved påmelding.

Arrangør:  Hå kommune – Hå kulturtorg i samarbeid med Eining for funksjonshemma.

Påmelding innan fredag 16. november:
til E-post: post.kulturtorget@ha.kommune.no   eller på tlf. 51 79 35 30   

Velkommen!

Fann du det du leita etter?