Viktig melding

Lukk meldinga

Kommunane på Jæren tilbyr ikkje vaksine frå Janssen

Janssen-vaksinen er ikkje ein del av koronavaksinasjonsprogrammet, men det er opna for at legar kan gje vaksina til dei som ønsker det. Kommuneoverlegane i Time, Klepp og Hå har i samråd med legesentra avgjort at innbyggarane på Jæren ikkje vil få tilbod om dette.

Sprøytespiss mot overarm - Klikk for stort bilete 


 

- Vår vurdering er at det ikkje er fagleg grunnlag for å vaksinera med Janssen når smittetrykket er så lågt som nå, og det er forventa at alle over 18 år har fått sin 1. dose med Pfizer innan byrjinga av august. Vaksinen er heller ikkje anbefalt av helsedirektoratet, seier kommuneoverlege Anders Madsen på vegne av dei tre kommunane.   

 

Legekontora vil ikkje tilby vaksinen til sine pasientar, og me ber derfor om at dei ikkje vert kontakta om dette.