Ikkje bad i Salteåna

 Klikk for stort bilete

Skulle det freista med eit bad, så styr unna Salteåna ved Refsnesstranda. Den siste målinga viser dårleg badevannskvalitet. 

29.juli vart badevannskvaliteten målt ved Ognaelva, Fuglestadåna, Rennå på Brusand, Salteåna og Stemvatnet, Sirevåg. Salteåna ved Refsnesstranda skil seg ut med dårleg badevannskvalitet, og kommuneoverlege frårår bading her. Det vert sett opp skilt. Alle dei andre stadene har akseptabel kvalitet. Du finn oppdateringane og meir informasjon om vasskvalitet på ha.no/badevatn.

Det finst fleire flotte badeplassar i Hå, og på ein del av desse kontrollerer me vasskvaliteten i sommarhalvåret. Er det dårleg kvalitet på badevatnet, vert det sett opp skilt der me rår ifrå bading på den aktuelle badeplassen.

1. juli vart fire badeplassar testa. Alle enda opp med «Ikkje akseptabel kvalitet».

8. juli var det ny testrunde. Både Fuglestadåna, Ognaelva, Rennå og Salteåna fekk «Akseptabel kvalitet».

15. juli vart seks badeplassar testa. Stemmavatnet fekk «God kvalitet», Fuglestadåna og Brusand strand ved Rennå fekk «Akseptabel kvalitet», medan Ognaelva, Rennå og Salteåna enda opp med «Ikkje akseptabel kvalitet».

22. juli fekk både Fuglestadåna, Ognaelva, Rennå og Salteåna akseptabel kvalitet.