Hugs å vaksinera deg

I år er det ekstra viktig å vaksinera seg mot årets sesonginfluensa.

Klikk for stort bilete

Vaksinen kjem truleg i veke 42.

Risikogruppene er prioriterte

  • Høyrer du til ei av risikogruppene, kan du ringa fastlegekontoret ditt for å bestilla tid. 
  • Har du ikkje fastlege, bestiller du ved det legekontoret som er nærast der du bur.
  • Dersom du allereie har legetime i oktober eller november, vil du få vaksine då.
  • Personar som har tilbod ved dagsenter eller får hjelp frå heimesjukepleien, vil få tilbod direkte.
  • Tilsette i helsevesenet i kommunen får ordna vaksine via arbeidsplassen.

Kva kostar vaksinen for personar i risikogruppene? 

  • Utan frikort: 50 kr
  • Med frikort: Gratis

 

Kva er risikogruppene?

Følgande personar har økt risiko for alvorleg sjukdom ved influensasjukdom:

  • Alle frå og med fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal og få tilbod om vaksine
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • kronisk hjerte-/karsykdom, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet
    • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Andre målgrupper

I tillegg er det anbefalt influensavaksine til følgande grupper, primært for å beskytta andre:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Personer som bor sammen med immunsupprimerte pasienter
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser