Her får du tak i gratis hurtigtestar

Koronatestinga har droppa betydeleg i heile regionen etter at landet opna opp. Det er bekymringsfullt fordi det då ikkje vil bli fanga opp smitte. Du bør framleis testa deg om du har snue, sår hals, hoste, feber eller har vore i nærkontakt med ein koronasmitta.

Me har god kapasitet ved teststasjonen på Kleppe, og tilrår framleis å ta test her. I tillegg gjer me testinga ennå enklare for deg. Du kan nå henta gratis hurtigtest på bensinstasjonane, biblioteka og servicetorget i kommunen👍

Hurtigtesting fungerer slik:

  • Send ein annan person for å henta testen om du har symptom.
  • Du bør vera heima til du får negativt testsvar og kjenner klar betring.
  • Vert du ikkje betre etter hurtigtest bør testen gjentas og då gjerne på Kleppe.
  • Om testen er positiv må du isolera deg frå andre og bestilla vanleg test på c19.no.

Her kan du henta hurtigtest:

  • Circle K Nærbø
  • Hå folkebibliotek på Nærbø
  • Esso Varhaug
  • Varhaug bibliotek
  • Servicetorget, Hå rådhus
  • Best Vigrestad
  • YX Ogna
  • Ogna bibliotek