Viktig melding

Lukk meldinga

Her er kommunedirektøren sitt forslag til økonomiplan for Hå kommune 2023-2026

I dag, 1. november, har kommunedirektøren i Hå lagt fram sitt forslag til budsjett for 2023 og økonomiplan for perioden 2023-2026. Årets overskrift er «Stram styring gjennom urolege tider».

Vanlegvis ropar me høgt ut kva alle millionane skal brukast på, men i år fokuserer me på mange av dei gode tiltaka og ønska me IKKJE har fått plass til. 

Dette gjer me fordi budsjettet og økonomiplanen er prega av tida me lever i med krig og kriser rundt oss. Budsjettet i år er ekstra stramt og det er derfor ekstra viktig å få fram det me ikkje har sett av pengar til slik at det kan bli ein god diskusjon rundt prioriteringane. 

Her er eksempel på tiltak kommunedirektøren føreslår for å spara pengar:

  • Utsetta drift av korttidsplassar på Hå sjukeheim
  • Utsetta styrking av Brukarstyrt assistanse (BPA)
  • Utsetta å ta i bruk ledige rom i 3. etasje på Hå sjukeheim
  • Kutta vedlikehald på leikeplassar, fotballbaner, utmark og i Nærbøparken
  • Setta meir ressursar til spesial-pedagogikk i skule på vent
  • Setta koordinering og samorganisering av arbeidet med oppvekstreformen på vent
  • Setta styrking av tidleg innsats i skule på vent
  • Setta leirskule til ungdomstrinnet på vent
  • Setta ENØK-tiltak til lag og organisasjonar på vent
  • Setta straumstøtte til idrettslaga på vent
  • Setta straumstøtte til kyrkja på vent
  • Setta anleggsgartnar til gravplassane på vent
  • Venta med byggansvarleg for kyrkjebygg
  • Venta med å auka grunnbemanning på Klokkarhagen
  • Venta med å styrka bemanning i 4. etasje på sjukeheimen
  • Venta med å auka barnevernet med eitt årsverk 
  • Venta med å auka utgifter til institusjon i barnevernet
  • Venta med å auka administrasjonsressurs i barnevernet
  • Venta med aktivitetskoordinator for personar med funksjonsnedsetting
  • Venta med å styrka gjeldsrådgiving
  • Venta med å styrka interkommunalt prosjekt for rus og helse
  • Venta med ny stilling i ergoterapi

Vår verd er sjølvsagt ikkje heilt svart, og det er mange viktige prosjekt kommunedirektøren vil setta av pengar til. Me føreslår for eksempel: 

  • Utviding av Breidablikk kulturbarnehage
  • Rehabilitering av Varhaug ungdomsskule
  • Bubilparkering i Sirevåg
  • Å oppfylla pedagognorm og lærarnorm
  • Ekstra støtte til flyktningbarn
  • Justera ned avgiftsauken på vatn, avløp og renovasjon frå cirka 50 prosent til 35 prosent auke

 
Kommunedirektøren sitt forslag er eit råd til politikarane, men det er politikarane som bestemmer. Dette skjer på kommunestyremøtet 15. desember.

Meir detaljar om budsjettforslaget finn du her