Her bør du ikkje bada nå

Illustrasjonsbilde Salteåna - Klikk for stort bileteSalteåna har dårleg kvalitet på badevatnet.

Det finst fleire flotte badeplassar i Hå, og på ein del av desse kontrollerer me vasskvaliteten i sommarhalvåret.

27. juli vart badevasskvaliteten målt ved Ognaelva, Fuglestadåna, Rennå på Brusand, Salteåna ved Refsnes, Stemvatnet og Brusand Camping. Salteåna har ikkje akseptabel kvalitet, og det er fraråda å bada her. 

Er det dårleg kvalitet på badevatnet, vert det sett opp skilt der me rår ifrå bading på den aktuelle badeplassen.

Badeplass Dato for prøvetaking Vasskvalitet
Ognaelva nedanfor FV44

27.07.22

Akseptabel kvalitet
Fuglestadåna ved kvernhusa 27.07.22

Akseptabel kvalitet

Rennå, Brusand 27.07.22 Akseptabel kvalitet
Salteåna ved Refsnes 27.07.22 Ikkje akseptabel kvalitet

Stemvatnet, Sirevåg

27.07.22 God kvalitet

Brusand Camping

27.07.22 Akseptabel kvalitet


God kvalitet = Mindre enn 100 tarmbakteriar/100 mL
Akseptabel kvalitet = 100-1000 tarmbakteriar/100 mL
Ikkje akseptabel kvalitet = Meir enn 1000 tarmbakteriar/100 mL