Har du meiningar om eit framtidig Stokkalandsmarka sentrum?

Klikk for stort bileteKva tykkjer du om arkitektane sine forslag? Arkitektkontora ArkVest, AsplanViak og Bark har vore engasjerte for å utarbeida moglegheitsstudier for eit framtidig sentrum i Stokkalandsmarka. Tysdag 26. november 2019 blei politikarane i kommuneplanutvalet dei første som fekk sjå resultata.

Kommuneplanen plasserer sentrumsområdet ved rundkøyringa sør for det som er Stokkalandsmarka i dag. I fyrste omgang ynskjer kommunen å laga ein reguleringsplan slik at det kan etablerast nærbutikk, og avklara kvar ein framtidig skule og andre funksjonar bør ligga. Sentrum må kunna byggast ut over tid etter kvart som folketalet i Stokkalandsmarka aukar. Arkitektane har blitt bedne om å legga til rette for ei etappevis utbygging av sentrumsområdet. Dei ulike funksjonene må planleggast på ein hensiktsmessig måte, slik at sentrale areal ikkje vert liggande ubygde på ubestemt tid.

Arkitektane sine skisser og idear finn du i vedlegga til denne sida.

Innbyggarmedverknad
No ynskjer me å høyra kva de som skal nytta sentrum tykkjer om arkitektane sine forslag. Inviter inntil åtte gjester på gjestebod heim til deg. Saman diskuterer de arkitektane sine forslag og kjem med dykkar tankar om desse. Kva for eit forslag likte de best? Kva var det de likte med dette forslaget? Er det element frå dei andre forslaga som òg bør vera med? Er det noko arkitektane ikkje har tenkt på som bør vera med i planen?

Meld deg som gjestebodsvert

Felt merka med * må fyllast ut
Fann du det du leita etter?