Framtidssnakk i stova di?


Klikk for stort bilete 

Inviter naboar og vener på pizza og diskusjon om framtida til landbruket i Hå.

Hå kommune jobbar med ein landbruksplan, og vil gjerne vita kva du meiner er viktig for ei god utvikling av landbruket.

Me ønsker å få innspel frå deg som innbyggar, og inviterer deg til å vera gjestebodsvert. Dei ti fyrste vertane som melder seg, får pizza til servering.

 

Kva må du gjera?

- Inviter andre som er interesserte heim til deg.

- Du får tilsendt spørsmål, de skriv ned svara og sender tilbake til oss.

- Send påmelding til landbruk@ha.kommune.no

 

Påmeldingsfrist 23. februar.

 

Tema kan vera: 

- framtidig matproduksjon

- turlandskap

- nydyrking

- fiske

- vilt

- tilleggsnæringar på garden

- landbruket sitt omdøme inn i framtida

 

Dykkar innspel og idear kan bli med på å forma framtida.

Det kjem ingen frå kommunen i selskapet.

 

Les meir om å vera «gjestebodvert» her: https://www.ha.no/eigedom-skatt-og-naring/landbruk/nyhetsbrev/landbruksplan-hoyring-pa-planprogram-og-gjestebod.81448.aspx

Lurer du på noko? Ring Tone 51 79 31 05 eller 45 45 88 92.

Me snakkast!