Viktig melding

Lukk meldinga

Framskunding av andre vaksinedose

På grunn av at vaksineringa går raskare enn FHI har rekna med, treng ikkje alle venta tolv veker mellom dose 1 og dose 2 likevel. Det betyr at du kanskje vil få flytta vaksinetimen for dose 2.

Dei som får flytta timen sin, vil få beskjed om dette på SMS 1-3 veker før timen dei får tildelt. Dei som har venta lengst blir i hovudregel prioriterte først.

Servicetorget har ikkje høve til å endra timane for dose 2 nå. Dersom timen du får på SMS ikkje passar, kan du ta kontakt med servicetorget for å endra tid.

Tilsette i skule, barnehage og helse blir prioriterte. Me vil kartlegga dei tilsette i Hå og framskunda dose 2 etter dette. Dei aktuelle vil få beskjed.