Viktig melding

Lukk meldinga

Frå nyttår skal du kasta plast i restavfallet

 

1. januar 2019 vil det nye sorteringsanlegget til IVAR gjera jobben for deg med å sortera plasten. Matavfall og papir skal framleis sorterast i eigne dunkar.

La plastdunken stå

Plastdunken skal dermed ikkje brukast frå 1. januar 2019. Men la den stå. Me har ikkje avklart kva den skal brukast til enno, og gir deg beskjed så snart me veit.

Kor ofte skal restavfallet hentast?

Restavfallet skal hentast dobbelt så ofte som nå. To gonger i månaden blir restavfallsdunken med det grå lokket tømt.

Kva skal me gjera med plastavfallet me samlar opp etter den siste hentinga i desember?

Du kan setta ut plastsekkar saman med tøming av restavfall i løpet av januar 2019. Renovatørane vil då ta med sekkane for plastavfall. Dette gjeld kun ut januar.

Kor tid får me nye matavfallsposar?

Utdeling av nye matavfallsposar og tømmekalender er snart i gang. Alle husstandar skal ha fått dette innan 15. desember. På grunn av endra sortering vil du ikkje lenger motta sekkar for plastavfall. 

Moderne og miljøvenleg

Det nye sorteringsanlegget til IVAR er det mest moderne anlegget i Europa. Ny teknologi gjer at plasten blir endå betre sortert enn om me skulle gjort det sjølv heime. Då vil mindre plast gå til forbrenning, eller hamna på avveie.