Forslag til budsjett for 2020 og økonomiplan 2020-2023

Klikk for stort bilete   

Ansvarleg styring - tid for val

Hovudmålet for Hå kommune er at «Det skal være godt å bu, leve og arbeide i Hå». Kommunesektoren opplever at rammene for å kunne levere lovpålagte tenester vert trongare og me må ta omsyn til at talet på innbyggarar med store og samansette behov aukar. Hå kommune må jobbe på ein annan måte for kunne oppfylle krav om lovpålagte tenester til innbyggarane - i dag og i tida framover. 


Strukturgrep

Hå kommune er ein mellomstor kommune på 258 km² med korte avstandar. Det er berre 30 km frå Sirevåg i sør til Høyland og Nærbø i nord, alt knytt saman med godt kollektivsamband langs Jærbanen. Det er enkelt å komme seg fram på flate Jæren og i Hå. Nærleiken og identiteten til si bygd eller sin stasjonsby er sterk og god i Hå. Samstundes er det dyrt å oppretthalda så mange kommunale tilbod som vi har i dag - i så mange tettstader. Rådmannen har difor i denne økonomiplanen sett på ulike strukturelle grep for å få ned kostnadane utan at tilbod eller kvalitet skal bli dårligare for innbyggarane. Det er viktigare enn nokon gong at Me løfter i lag.


Fleire år med omstilling

I Hå kommune har me valt å samla alt arbeidet me gjer med forenkling, fornying og forbetring under overskrifta «Framtidsløftet». Tittelen er knytt til visjonen vår «Me løfter i lag» og målet er å effektivisere drifta og bli ein meir fleksibel kommune. Ein viktig del av dette er digitalisering og innovasjon - om korleis nye og digitale løysingar kan gjere tenestene betre og meir tilgjengelege for innbyggjarane.


Ansvarleg styring – tid for val

Overskrifta på budsjettet er «Ansvarleg styring - tid for val». Nå er det politikarane si oppgåve å velge og ta beslutningar. Endeleg behandling skjer i kommunestyret 12. desember.  

 

Kontakt

Bente C. Iversen
Bente C. Iversen
Økonomisjef
Telefon: 51 79 30 14
Mobil: 481 42 761
Fann du det du leita etter?